Meiningar
Telemark - meir enn eit nostalgisk postkort
Telemark er eit fylke mange forbinder med fjell, ski og folkedrakt. Men Telemark er så mykje meir enn eit nostalgisk postkort. Det er eit levande og mangfaldig reisemål som fortener større merksemd – både nasjonalt og internasjonalt.
Telemark er eit av Norges mest unike og varierte reisemål. Her kan ein gå frå kyst til høgfjell på få timar. Frå solvarme svaberg i Kragerø, via Telemarkskanalen med sine imponerande sluseanlegg, til Hardangerviddas storslåtte vidder. Dette gjev Telemark eit godt utgangpunkt i eit reiseliv som stadig fleire ynskjer skal vere berekraftig, lokalt forankra og inneha opplevingar.
Likevel verkar det som om Telemark ofte kjem litt i skuggen av meir marknadsførte destinasjonar. Slik kan vi ikkje ha det! Vi har både historia, naturen og kulturen som skal til for å vera eit fyrtårn i norsk reiseliv.
Vi har allereie verdsarvstatusen for Rjukan–Notodden industriarv, Telemarkskanalen – ofte kalla «Eventyrkanalen», Gaustatoppen , Bø Sommarland og eit rikt kulturliv med alt frå folkemusikk til moderne kunst.
Vi har levande bygder og sterke mattradisjonar, og samtidig ligg her moglegheiter i å utvikle heilårsturisme.
Fleire små aktørar bør få støtte til å tilby opplevingar utanfor høgsesongen slik at reiselivet blir både stabilt og framtidsretta.
Men reiselivet i Telemark handlar ikkje berre om turistar. Det handlar og om arbeidsplassar, busetting og stoltheit. Det handlar om å styrke lokalsamfunn og kulturarv. Når små lokalsamfunn får besøk, skapast det grunnlag for kafear, overnattingstilbod, guidar og lokale produsentar. Det gjev liv til bygder som elles ville stå i fare for å tømmast for folk og moglegheiter.
Likevel er reiselivet i regionen avhengig av at vi som bur her, politikarar og næringsliv, tek aktive grep for å sikre vidare utvikling. Vi må tørre å tenke langsiktig.
Skal Telemark forbli ein attraktiv destinasjon, må vi satse på kvalitet framfor kvantitet og på gode samarbeid mellom kommunar, næringsliv og frivillighet. Vi må alle heie fram dei som satsar på turisme i Telemark og sjølve bruke litt av det som fylket har å by på.
Pandemien sette reiselivet på prøve, men mange i Telemark viste imponerande kreativitet og pågangsmot. Nye opplevingar blei skapt, lokale matprodusentar fekk meir merksemd, og nordmenn oppdaga kor mykje eige land har å by på. Denne trenden må vi fortsette å bygge på.
Telemark fylkeskommune ynskjer å vere ein god samarbeidspartner for reiselivet. Vi bidreg mellom anna gjennom destinasjonsselskapet vårt, Visit Telemark, som gjer ein flott innsats med marknadsføring av fylket vårt.
Telemark fylkeskommune si avtale med Visit Telemark går ut i 2026 og vi skal snart starte arbeidet saman med kommunane – kva vil vi med destinasjonsselskapet vårt, kva er dei viktigaste oppgåvene? Her håpar eg på engasjement og gode drøftingar.
Arbeidet med fylkeskommunens nye kultur- og reiselivsstrategi er i gang. 36 høyringssvar er kome inn frå kommunar og kultur-og reiselivsaktørar. Endeleg vedtak kjem denne våren.
La 2026 vere året der vi skal løfte fylket fram – ikkje med store ord, men med ekte historiar, ekte mennesker og ekte opplevingar.
For den som fyrst oppdagar Telemark, kjem sjeldan berre ein gong.
Godt nytt år!
Hilde Alice Vågslid (Ap)
leiar for hovudutval for kultur, reiseliv og frivillighet i Telemark fylkeskommune