Takk for tilliten!

Noreg er hardt ramma av pandemien. Nå er det mange som står på for å redde liv og for å halde samfunnet i gang. Nokre behandlar sjuke, medan andre produserer mat, tømmer søppel og fyller varehyllene.

Norske journalistar jobbar for at du skal vita kva som skjer, forstå kvifor det skjer og vere førebudd på kva som skjer vidare. Kvar einaste dag blir det tatt avgjerder som får store følgjer for deg og ditt liv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nasjonale og globale kriser fører til at mange ønskjer å spreie falske nyhende og gjer forsøk på å manipulere folk. Nett då er det viktig at det finst redaktørstyrte medium som gir deg informasjon du kan stole på.

Takk til alle som bidreg slik at vi kan halde fram å gjere jobben vår.

Takk til alle som opnar opp og deler informasjon. Takk for tips og for sterke meiningar.

Takk til deg som abonnerer.

Det er viktigare enn nokon gong.

Me i VTB gjer det me kan for å halde vesttelane oppdaterte på kva som skjer i sine nærområde – også i koronatider. Me har den siste tida hatt rekordmange lesarar. Det set me pris på.

Nokon etterlyser fleire gratissaker. Den siste månaden har me opna fleire saker enn vanleg, saker som handlar om liv og død.

Men me kan ikkje opne heile vtb.no. Det kostar å lage god og opplysande journalistikk. Og med eit fall i annonseinntektene er lesarar som vil betale for innhaldet heilt avgjerande for at lokalavisa skal leve vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

#takkfortilliten

Landslaget for lokalaviser, Mediebedriftenes Landsforening, Norsk Journalistlag, Fagpressen, Norsk lokalradioforbund, Norsk Redaktørforening og Norsk Presseforbund