Sveinung Sæverud til minne
Minneord
Med sorg og vemod skriv eg i minneboka: Sveinung Hvoslef Sæverud sovna stille inn på Engensenteret i Bergen sundag 2. november 2025, nesten 90 år gammal. Han vart ein god kjenning og ven, som fekk ein sentral plass i livet for 50 år sidan, mens han budde i Kviteseid. Som musikar og musikklærar vart han i fritida knytt til oss og våre barn gjennom den gode pianoundervisninga og kontakten han hadde med Kvitsund gymnas. Mange var dei ungdomar som fekk møte musikkens verden gjennom Sveinungs opplegg og tilbod i Vest-Telemark.
Det var minnerike kveldar når elevane hans fekk delta på spennande og særmerkte konsertopplegg i Høydalsmo. Då fekk dei òg møte Harald Sæverud som var komen frå Siljustøl i Bergen til Telemark. Sveinung var ein god forvaltar av musikken. Han kunne føre dei unge inn i faste øvingsmønster og gje oppgåver som passa for alderen. Dei fekk også høve til å erfare Sæverud sine komposisjonar. Og det var ekstra stas når flinke elevar fekk reise med Sveinung vestover og oppleve konsertar i Grieghallen.
Sveinung var komponist Harald Sæveruds eldste son. Då tida var inne, var det naturleg at han drog frå Telemark og blei engasjert til å ta vare på arven etter far sin. Det galdt musikken og eigedomen Siljustøl, der Harald Sæverud budde nesten til det siste. Sveinung bruka denne delen av livet til å formidle musikk, og han starta sin eigen Siljustøl musikkskole i 1983.
Langt opp i 80-åra var han ein drivande pianolærar for barn, ungdom og vaksne; ofte nærare 100 elevar. Konsertar som han gjennomførte, spesielt i Troldsalen, var høgdepunkt for mange utanom elevane og familiane deira. Eitt av måla hans var at kvar elev skulle bli glad i å spele og nå sitt potensial. På desse arrangementa og kursa hadde han tydeleg og dyktig hjelp av fru Alma, som la sin trivelege vertinne-dåm over kulturkveldane.
Kommunen overtok Siljustøl i 1993. Men det førte til at Sveinung Sæverud måtte stå på for å bevare Siljustøl som eigedom, bustad og kulturminne. Det viste seg at ei freding av området måtte til, for å bevare arven på ein tilfredsstillande måte. I 2016 fekk Sveinung Hvoslef Sæverud kongens fortenestemedalje for sin store innsats for musikken. Som ein personleg takk vil eg helse med eit minnedikt - til Sveinungs ære og avreise.
Olav Mosdøl