Straumpris og ljos: «Dei som klagar på straumrekninga for det unødvendige luksusforbruket sitt bør halde kjeft»

Folk hyler og skrik over dyr straum for tida. Det er forståeleg når det gjeld slike som treng varme og ljos og annan energitilgang i nærings- og beredskapssamanheng, såkalla nyttestraum. Og dei som treng straum til påkrevd oppvarming og matlaging mv. og som kanskje har dårleg råd.

Men dei som klagar på straumrekninga for det unødvendige luksusforbruket sitt bør halde kjeft. Ljos som står på ute og inne dag og natt året rundt på hytter og hus, ja til og med i oppvarma innkjørsler mv er heilt unødvendig. Ljosorgiane i byar og serleg i hytteområda der hyttene stort sett står folketome må kallast luksus eller rettare sagt usolidarisk sløsing med kraftressursane. Hyttefolk er rett og slett frekke og freidige når dei klagar på straumprisen og vil at staten skal hjelpe dei med straumrekninga på linje med fastbuande. Har dei råd til luksushytte og stor bil, har dei også rå til å betale for luksusforbruket av straum til hyttene sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viss ein derimot velger å ta i bruk hytta som fast bustad etter dispensasjonsløyve frå kommunen bør ein kunne søke om straumstøtte. Da kan ein sjølvsagt ikkje samtidig få straumstøtte til den tidlegare faste bustaden sin. I Ringsaker kommune vil ein i visse hytteområde forby unødig belysning både på sjølve hyttene og elles i området. Argumentet her er at ljos til alle døgnets tider er unødvendig og forureinande. Dessutan kan det vera godt for byfolket, som stort sett har hyttene og er mest i området å unngå og oppleve ein natur opplyst av kunstig ljos, som avveksling frå byens opplyste hus og gater. Da kan ein sjå stjernehimmelen og månen, noko som kan vera viktig mentalhygiene for byfolk. Dessutan er kunstig ljos utandørs naturforureining som vekker frykt for dyrelivet i området. Kanskje fleire hyttekommunar burde tenke som Ringsaker, som ein solidarisk fellesdugnad for å økonomisere med fellesskapets energiressursar.

Jon Ingebretsen