Jarand Felland, ordførar i Tokke.

Meiningar

Støre – tilbake til Reitgjerdet?

Lesarinnlegg

Fram til tidleg på 1980-talet blei psykiatriske pasientar i stor grad sendt til psykiatriske sjukehus med eit stort fagmiljø. Slike institusjonar var til dømes Dikemark i Asker, Gaustad i Oslo, Reitgjerdet i Trondheim og Faret i Skien. Mange rapporter og granskingar har i ettertid vist at det var omfattande bruk av ulovleg tvang, der pasientar blei spent fast med bruk av reimer og sterk medisinering av pasientane. Pasientane var gjerne til «oppbevaring» i mange år på dei psykiatriske sjukehusa.

På grunnlag av desse særs uheldige sidene, blei det eit sterkare fokus på mindre einingar nær lokalsamfunna til pasientane.

Seljord DPS

Seljord distrikstpsykiatriske senter (DPS) blei oppretta på slutten av 1980-talet i kjølevatnet av nedlegginga av dei psykiatriske sjukehusa. I dag har eininga 9 senger som i stor grad blir nytta av personar i Vest-Telemark og Midt-Telemark. Avdelinga har eit budsjett på om lag 25 MNOK. Sjukehuset Telemark har eit budsjett på om lag 5600 MNOK.

Styret i sjukehuset i Telemark ynskjer å legge ned desse sengene, dersom ein ikkje fekk rekruttert ein psykiater innan 1. oktober. Det er ein søkar til stillinga. Vedkomande er i dag psykiater for Sjukehuset i Telemark. Sjukehuset ynskjer likevel ikkje å tilsetje vedkomande ved avdelinga i Seljord. Det framstår som underleg og ein kan spørje om motivet er innsparing, medan sjukehuset Telemark sjølv skuldar på manglande rekruttering.

I Seljord kan ein del av brukarane gå tur åleine i bygda. Det er lokalsamfunnet vane med og positive til. I Seljord er det 20 tilsette med høg psykiatrisk kompetanse, deriblant 10 psykiatriske sjukepleiarar. Den kompetansen er vanskeleg å byggje opp, men lett å rive ned.

Fleksibilitet i helsevesenet

Innanfor mange bransjar forsøker ein å gjere yrkeslivet litt meir fleksibelt for dei tilsette.

Sjukehuset Telemark kan lett rekruttere ein psykiatar, dersom dei ville vurdert ein ordning med Nordsjøturnus. Vedkomande kunne jobba i Seljord og litt på Notodden. Men dette kostar kanskje nokre hundre tusen kroner ekstra. Difor blir ei slik ordning avvist av sjukehuset.

Ap + H + Frp = Helseforetaksmodellen

Då Jens Stoltenberg var statsminister i 2000/2001, for ei rein arbeidarpartiregjering, kom framlegget om å overføre sjukehusa frå fylkeskommunane til statlege helseforetak. Ap fekk støtte frå Høgre og Frp, for ein såkalla «new public management» organisering.

Senterpartiet har heile tida vore imot, fordi modellen blant anna legg opp til stykkprisordning per pasient per inngrep. Den er marknadsstyrt, noko som er vanskeleg å praktisere. Korleis skal eit sjukehus få betalt dersom ein pasient får infeksjon og ny innlegging etter inngrep? Ein treng då mange byråkrater for å vurdere dei ulike sakene. Det blir dyrt og gjev lite pasientbehandling.

Storbritannia si arbeidarpartiregjering har no skota sin tilsvarande modell. Det bør også skje i Noreg.

Statsminister Støre

I statsbudsjettet for 2024 blei løyvinga til psykisk helse og rus auka med 360 millionar kroner. Det skulle nyttast til gode tenester der folk bur og til brukarar med samansette/komplekse behov, slik som DPS i Seljord.

Regjeringa er eigar av helseforetaka. Dersom helseminister Jan Christian Vestre ynskjer, kan han kalle inn til foretaksmøte og gje tydelege signal om å prioritere lokal psykiatri. Det ser ikkje ut som Arbeidarpartiet ynskjer å styre Sjukehuset Telemark.

Statsminister Støre støtter no ein sentralisering av psykiatri. Ringen er slutta og vi er på veg tilbake mot 1970-talets organisering med store institusjonar.

Sjukehuset Telemark

Sjukehuset Telemark skal handsame saka 22. oktober. Sjukehusdirektøren skal legge fram si innstilling til styret 15. oktober.

Til tross for Regjeringa sitt mål om satsing på denne gruppa, kan det sjå ut som administrasjonen og styret villig til å bryte opp det solide fagmiljøet. Det er tragisk for dei psykiatriske brukarane i øvre Telemark. Det vil også føre meir reising og større arbeidspress for kommunane sine helsearbeidarar.

14 ordførarar i Telemark har oppmoda styret om å berge DPS i Seljord.

Vi får håpe det skjer.

Godt møte onsdag 22. oktober. 

Jarand Felland,

ordførar (Sp) i Tokke

Powered by Labrador CMS