Sommar med VTB

Frå og med denne veka kjem postbodet måndag, onsdag og fredag i ei veke, og tysdag og torsdag i den neste veka. Færre brev er forklaringa på reduksjonen i tilbodet.

På dagane Posten ikkje køyrer ut brev, skal likevel avisene bli leverte ut til abonnentane. Det har Stortinget og dåverande samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) vore klare på. Posten vann anbodet om å køyre ut aviser der avisboda ikkje går – altså i område der husa ikkje ligg tett i tett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Abonnentane vil få avisene sine akkurat som i dag, samstundes som staten kjøper avisomdeling rimelegare enn vi la til grunn då konkurransen blei utlyst, sa samferdselsministeren etter at Posten fekk anbodet til 165 millionar kroner i året – 90 millionar mindre enn det politikarane hadde sett som ramme på distribusjonen i grisgrendte strøk.

I juli vil lokalavisa berre kome ein gong i veka, denne og dei tre neste torsdagane – eller fredagane. Nokon vil i juli måtte vente til fredag med å få lokalavisa i postkassa. Dette gjeld dei som bur i sentrumsområda. Her leverer Posten, som VTB har avtale med, annankvar dag; måndag, onsdag og fredag eine veka, og tysdag og torsdag neste veke. Så i vekene Posten ikkje kjem forbi postkassa di torsdag, kjem dei fredag.

Juli-avisene til VTB blir fyldigare enn dei to utgåvene i veka lesarane er vande med frå juli tidlegare år.

I august vil VTB igjen kome ut to gonger i veka. Me jobbar no med å få til gode distribusjonsløysingar for abonnentane våre, slik at dei aller fleste skal få lokalavisa på utgjevingsdagen – slik Stortinget la til grunn før distribusjonen blei lagt ut på anbod.

Og så nyttar me høvet til å minne om at vtb.no – som alle abonnentane har tilgang til – blir oppdatert kvar dag. Her kan du også sjå direktesendingar frå VTB-TV. Har du ikkje registrert digital brukar, så gjer det! Og ta kontakt om det er noko du ikkje får til.

God sommar!