Meiningar
«Skjerm dei gamle» – ein hyllest til papiravisa (og postomberinga)
«Skjerm borna» har blitt eit foreldreopprop over heile landet. Politikarane har òg oppdaga at det kan bli for mykje skjerm for borna. Regjeringa vil redusere skjermbruk i dei fyrste skuleåra, og statsministeren vil setje grenser for smart-telefon og sosiale medium. Dette er viktig etterpåklokskap. Når vi kjem til den andre enden av aldersskalaen, ser det ut til at skjermen framleis skal vera svaret på det meste. Difor vil eg slå eit slag for ei ny parole: «Skjerm dei (oss) gamle!»
Eg har entusiastisk brukt digitale hjelpemiddel både på jobb og privat i lange tider, og eg prøver framleis gjerne nye verktøy som kan gjere kvardagen enklare. Men når ei offentleg teneste blir lagd om som Posten med ombering av brev, pakker og aviser, bør vi alltid spørje kven får det enklare, og kven får det meir tungvint? Og javisst, eg er sjølv ein aktiv skrollar. Eg skal berre sjå kva som har skjedd i verda, og ti minutt seinare sit eg og ser på ein kar eg aldri har møtt, som viser meg korleis eg skal skrelle eit egg. Eg veit kor lett eg blir bli riven med, og kor lite eg sit att med. Med papiravisa på kjøkenbordet hender det at eg blir sitjande og tenkje over noko eg har lese. Konsentrasjonen er truga hjå born ved mykje skjermbruk. Det gjeld vel i høgste grad også oss gamle? På mobil og PC har tommelen og musa ofte gått vidare før tanken har fått sukk for seg.
Vi er over 1,1 millionar alderspensjonistar. Mange av oss les gjerne nyhende på nett. Andre held seg til papiravisa, og somme gjer båe delar. Ifølgje SSB las om lag halvparten av dei som var 80 år eller eldre, ei lokal- eller distriktsavis på papir på ein gjennomsnittsdag i 2025. I lokalavisa les vi om kva kommunen vil gjere med eldreomsorga, kva som blir bygd i nabolaget, kvar det neste datasenteret (!) er tenkt reist og kven som er usamde om det.
Det er noko med sjølve lesinga. Når eg brettar ut papiravisa, kan eg lese ei sak om att, dvele ved eit resonnement eller oppdage eit innlegg eg aldri ville ha leita etter på nett. Og når eg kjem til siste sida, er avisa ferdig. Ei forskingsoppsummering fann at lesarane i gjennomsnitt forstod sakstekstar betre på papir enn på skjerm, særleg når dei hadde avgrensa tid. Det gjev grunn til å ta vare på papirlesinga også etter at vi er ferdige med skulen.
Regjeringa vil redusere den ordinære brevomberinga til éin dag i veka frå juli 2027. Regjeringa reknar med å spare 491 millionar kroner på postframlegget i 2027. Det er sjølvsagt mykje pengar, men i eit statsbudsjett med utgifter på over 2 300 milliardar kroner svarar det til om lag 0,2 promille. Eg undrar meg over kva Arbeidarpartiet meiner dei vinn politisk på å gjere posttilbodet dårlegare for ei så lita innsparing i den store samanhengen. Ute i distrikta er signalet lett å forstå. Når tenesta blir sjeldnare eller hentepunktet ligg langt unna, er det folk sjølve som må bruke meir tid på å få tak i det dei før fekk i postkassa. Postframlegget har karakter av den same bedriftsøkonomiske tenkinga som har prega offentleg sektor sidan tusenårsskiftet (New Public Managment). Det er ikkje eit avansert reknestykke å finne ut kva staten sparer på færre postruter – litt verre å setje verdien på fråværet av aviser og post. Og kvifor kan ikkje Posten levere oss alle pakkene vi tingar på nettet?
For avisene har staten lyst ut eigne kontraktar for ombering tre kvardagar i veka i område utan kommersielle avisbodruter. Laurdagsavtalen går ut, og dei nye kontraktane er lyste ut for eitt år, med høve til forlenging. Eg er glad for at staten framleis vil betale for å få avisene fram. Det eg uroar meg for, er kor lett det kan bli å skjere ned endå ein gong når neste avtale skal på plass.
Modernisering? Javel. Når regjeringa meiner det er verdt å bruke pengar på papir og lesero i skulen, håpar eg dei òg vil sjå nytteverdien av mindre skjerm i eldreomsorga og å halde fast ved postombering og papiravisene. Med nytt frå verda og lokalmiljøet! Vest-Telemark Blad på papir er eit høgdepunkt!
Svein Dag Midtsund