Reisebrev frå Amerika: Trusselen frå «den sterke mannen i Amerika»
Om morgonen på valdagen 5. november sat eg og skreiv på Facebook det eg trudde skulle bli forteljinga om årets amerikanske presidentval:
«5. november 2024 er dagen då amerikanske kvinner redda verda frå å bli leia av ein narsissistisk demagog. Vendepunktet då århundrar med patriarkalsk undertrykking og kvinnehat vart slått tilbake av eit korstog av kvinner, som kjempa for deira rett til å ta avgjersler om eiga kropp».
Artikkelen held fram under annonsen.
Sverre Tveit
Sverre Tveit (42) er lærar ved Nissedal studiesenter og førsteamanuensis i pedagogikk ved Universitetet i Agder, i tillegg til å vere grunneigar og eigedomsutviklar på Gautefallheia. Han har vore på fleire forskningsopphald i USA (UC Berkeley, California, 2012-13), Columbia University, New York (2016) og Stanford University, California(2023).
Eg takka dei amerikanske kvinnene – inkludert Lauren, kjærasten min som eg er på besøk hos her i San Francisco – for å ha redda oss frå Donald Trump, som så mange menn både her borte og heime i Norge har latt seg forføre av.
Så feil kan ein ta.
Trump vann suverent. Til skilnad frå i 2016 vann han med klart flest stemmer, ikkje berre eit marginalt fleirtal i dei viktigaste statane. Fleire kvinner stemte på Kamala Harris, men ikkje nok til å kompensere for Donald Trumps store oppslutning i den mannlege befolkninga.
Eg har budd i og utanfor San Francisco gjennom fleire periodar i livet. På nok eit opphald her vart eg sittande å undre meg over korleis dette valresultatet blir tala om heime i Treungen og andre plassar i Telemark. Den amerikanske valkampen ber preg av å vere så stor ein underhaldningsindustri, at ein stundom gløymer at dette er ein demokratisk prosess der val av president får store konsekvensar for amerikanarane. Heime trur eg dei færraste riktig forstår kor store konsekvensar valet av Trump får for amerikanske kvinner.
Likestilling mellom kjønna er blant rettane som er truga. Her har amerikanarane «alltid» hengt litt etter Europa. I møte med amerikanarar er det freistande for oss nordmenn å hovere litt over korleis vi alt i byrjinga på 1980-talet fekk kvinneleg statsminister, medan amerikanarane enno har til gode å velje ei kvinne til president.
Sjølv om kvinnene som gruppe alltid har vore marginaliserte i USA, så er det den svarte befolkninga som gjennom landets historie har vore det aller største offeret for undertrykking. Slavehistoria set framleis sitt preg på det amerikanske samfunnet. Og sidan Trump vart vald første gong i 2016 har understrøymar av rasisme og førestillingar om kvitt overherredøme stadig fått større oppslutning i internettets mørke krokar.
Likevel har faktisk amerikanarane nådd milepålen å velje ein president med afroamerikansk bakgrunn. Barack Obama sin valsiger i 2008 bar bod om at òg amerikanarane hadde tatt store steg mot full likestilling uavhengig av kjønn, seksuell legning, religion og etnisk bakgrunn. Men, som vi fekk demonstrert åtte år seinare, sit full likestilling mellom kjønna enno lenger inne i USA.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kamala Harris sitt nederlag 5. november er eit ekko frå Hillary Clintons overraskande tap i 2016. Men der Clinton for åtte år sidan vann «the popular vote», gjekk Harris i år på eit stort nederlag. Framgangen i kjønnskampen er snudd til fleire tilbakesteg dei siste åra.
Òg i Noreg har progressive og liberale krefter møtt tilbakeslag dei siste åra. Woke – eit amerikansk omgrep som opphaveleg handla om kor viktig det er erkjenne sosiale og politiske saker som påverkar den afroamerikanske befolkninga – kan omsettast til årvåkenhet på norsk. Omgrepet har dei seinare åra fått eit langt breiare innhald. «Politisk korrekt» er ei meir treffande norsk versjon av omgrepet. Og det er no med negativt forteikn omgrepet blir bruka.
Woke-debatten handlar om ein reaksjon på det som blir oppfatta som overdrive politisk korrekt. Det vere seg knytt til homofile sine rettar, retten til å flagge for og markere Pride, synet på klimatrusselen. Og synet på likestilling.
Eksempel på anti-woke som spreiar seg i sosiale medier er Tradwife-fenomenet – førestillinga om at ein må «ta tilbake» den dei tradisjonelle kjønnsrollene der det er kvinnas oppgåve å ta seg av ungane og stelle i heimen – og anti-klimakriseretorikken. «Generasjon Greta Thunberg er daud», sa Unge Høgre-leiar Ola Svenneby da Høgre vann sist skuleval. Han presiserte seinare at utfallet var meint å få fram at unge er lei av å sjå seg framstilt som radikale og aktivistiske.
Det er sidan skrive mykje om korleis Svenneby og kollega Simen Velle i Fremskrittspartiets Ungdom har lukkast i å nå fram til unge menn med sitt politiske bodskap, særleg i sosiale medier. Klimakamp er ikkje lenger kult. Risikerer vi no at kvinnekamp også er «ut» blant unge norske menn?
Når nesten halvparten av norske menn mellom 18 og 29 år (47%) seier dei ville stemt på Trump om dei kunne stemme i det amerikanske valet, så er det behov for litt «vaksenopplæring» av desse unge vaksne. Ei opplæring i korleis Trumps retur til Det kvite hus er eit stort tilbakeslag for kvinnenes kamp om likestilling får bli første leksjon i denne vaksenopplæringa:
Den føderale retten til abort mista amerikanske kvinner då den amerikanske høgsteretten i 2022 reverserte Roe vs. Wade-domen av 1973, kom etter at Trumpadministrasjonen i åra 2016-2020 fekk valt fleire konservative dommarar til høgsterett enn nokon tidlegare president. Sidan har 14 delstatar forbode abort. Ved å implementere Project 2025-politikken anført av J.D. Vance som visepresident er det venta at Trump i sin andre presidentperiode vil halde fram med å reversere mange hardt tilkjempa kvinnerettar.
Min amerikanske kjæraste forklarar korleis ho og andre kvinner no dannar digitale nettverk for å gi råd til og beskytte kvarandre. Abortekspertar oppmodar dei til å bestille abortpiller no, uavhengig av om dei trur dei vil trenge dei eller ikkje, fordi ein veit Trump-administrasjonen vil forby dei. Om ein ikkje treng dei sjølve, så bør man hamstre abortpiller så ein kan dele med sine medsøstrer som kan få bruk for dei.
Artikkelen held fram under annonsen.
For ein nordmann som har vore mykje i USA, er det sjokkerande å sjå at frykta er så stor her, ikkje berre i republikanske statar, men til og med i liberale California. Her blir kvinner også oppmoda om å:
– Skru av deling av plassering på smarttelefonar
– Bruke krypterte applikasjonar som Signal i staden for tekstmeldingar
– Deaktiver ID-sporing
Grunnen til at telefonsikkerheit og å unngå overvaking er så viktig framover, er at J.D Vance og Project 2025 ope seiar at dei planlegg å innskrenke kvinners fridom til å bevege seg, spesielt når det gjeld å reise ut av delstaten ein bur i for å ta abort.
I Texas har dei allereie såkalla «belønningsjeger-lovar» (Bounty hunter laws), der ein nabo kan rapportere deg dersom dei mistenker at du har tatt eller planlegg abort. Kvinna kan bli fengsla medan naboen får $10.000 i lønning for å rapportere henne.
Vi høyrer om tilfelle der kvinner som spontanaborterer blir stilte for retten, skulda for å gjennomføre abort av foster som dei i røynda er fortvila over å ha mista og så gjerne skulle ha bore fram.
Desse politiske og rettslige tiltaka utgjer eit angrep på kvinners helse. Etter høgsterettsdomen i 2022 har mange amerikanske kvinner mista livet fordi legar fryktar å hamne i fengsel dersom dei følgjer standard medisinske prosedyrar og fjernar eit foster som behandling av livstrugande komplikasjonar i graviditeten.
Artikkelen held fram under annonsen.
I delstatar som alt har implementert Trumps abortforbod blir kvinner og jenter tvungne til å bere fram barnet, sjølv om graviditeten er eit resultat av valdtekt eller incest. I følgje National Public Radio (amerikanaranes NRK) har forskarar identifisert 64.565 amerikanske kvinner og jenter som har vore tvungne til å gjennomføre graviditetar etter å ha vore utsette for valdtekt, i dei 14 delstatane som sidan 2022 har forbode abort.
Kampen for likestilling mellom kjønna i USA handlar ikkje lenger om å oppnå nye rettar for å bli meir likestilte med menn, men om ei desperat kamp for å ikkje miste hardt tilkjempa rettar som norske kvinner tar for gitt. Mange amerikanske kvinner har ikkje lenger kontroll over sine eigne kroppar og kjenner seg med god grunn som «second class citizen».
Når vi talar om Donald Trump kring frukostborda heime, så må vi reagere når vi høyrer at dei unge har blitt forført av hans sterke retorikk i sosiale medium. Som ansvarlege vaksne bør vi stille oss to spørsmål:
1. Er det teikn til at likestillingsdebatten heime i Telemark ber preg av polariseringa som er så sterk her i Amerika? Og;
2. Tapar den norske kvinnekampen oppslutning, når mange unge norsk menn omfamnar Trump og hans farlege retorikk og politikk?
Det er viktig at vi opplyser unge menn om kva som i røynda hender her i Amerika. Nei, Donald Trump er ikkje kul. Og politikken hans er ein katastrofe for dei fleste amerikanarar, og framfor alt amerikanske kvinner.
Donald Trump returnerer til Det kvite hus, etter ein valkamp der han ope har omfamna diktatorar og fascistiske leiarar. Av dei har han lært korleis desperate folk kan utnyttast. Mange av amerikanarane som no har vald Trump til ein andre presidentperiode bur i rurale strøk – ikkje så ulikt frå Treungen eller andre plassar i Vest-Telemark – og er i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon.
Som dokumentaren UXA - Thomas Selzers Amerika har synt gjennom tre sesongar, er dei offer for mange tiår med økonomisk tilbakegang. Dei har ingen velferdsstat slik vi i Noreg er bortskjemde med. For dei er den amerikanske draumen daud og desperasjonen stor. På eit absurd vis klarar Trump å utnytte denne desperasjonen og tenne eit håp hos denne veljargruppa, der kvite menn dominerer. Men dei kjem til å bli skuffa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Valet av Donald Trump er farleg, og også heime i Telemark skal vi passe oss for at delar av politikken og tankegodset hans får slå rot.
Som forfattar Edvard Hoem fortalte på forfattarkvelden på Ungdomshuset i Treungen for nokre veker sidan, var nok aldri «den Amerikanske drøymen» som utvandrarane lika å framstille den i reisebrev frå Amerika for 100 år sidan. Som de forstår gjer eg ikkje her noko forsøk på skjønnmåling, men å opplyse om det som i røynda hender i Amerika anno 2024. Dette reisebrevet frå Amerika bør lesast til skrekk og åtvaring.
Sverre Tveit, San Francisco