Reinseanlegget i Nissedal

I VTB av 1. juli 22 hadde eg ei ytring vedrørande kostnadsgaloppen for dette prosjektet.

Eg ba også om ei forklaring på grunnane til at det anlegget, som for ca 1 år sidan (VTB 01.06.21) hadde ei ramme på ca 100 mill lagt i Tveitsund, + 20 mill om Langemoen blei valt, eit år seinare har svulma opp til kostnadar på ca 220 mill. kr.

Dvs ein auke på ca 100 mill!

I VTB av 28.05 21 kan ein lese at VAR-avgiftene for hus i Nissedal kan bli dobla, frå ca 11 000 til 20 000 kr pr år. Kva slags nivå kan ein vente seg nå tru?

Det er vel ikkje sikkert at rette ansvarlege i Nissedal kommune fekk med seg mi «bekymringsmelding». Men nå etterlyser eg saka på nytt!

Er det mogleg å få ei forståleg forklaring på grunnane til at dette prosjektet ser ut til å ha teke heilt av?

Artikkelen held fram under annonsen.

Br. Nordbø