Reidun Sønderland.

Reidun Sønderland – til minne

Minneord

Reidun Sønderland sovna stilt og fredeleg inn på Nissedal omsorgssenter 9. januar 2026. Reidun, med etternamnet Slettevold, var fødd i Fredrikstad i 1935 og fekk eit langt og innhaldsrikt liv. Ho fortalde at ho fekk ein trygg og god oppvekst saman med foreldre, og som den yngste, ja, endåtil som attpåklatt, i ein syskenflokk på 10. På garden med åkerbruk og dyr lærte både ho og syskena at både store og små måtte gjere nytte for seg. Som svært mange i harde trettiår og mørk krigstid var det ikkje fritt for at dei måtte snu på kronene iblant, men ikkje dess mindre skapte det glede over å ha hus og heim og mat på bordet.

Med oppvekstår under krigen og tidleg etterkrigstid var kristen tru og tanke noko dei aller fleste born og unge fekk møte i folkeskule og kyrkje. I tillegg fekk Reidun og resten av syskenflokken gjennom foreldre, familie og sundagsskule møte ei trygg og raus kristentru prega av glede og med levande engasjement for misjon, særleg arbeidet til Det Norske Misjonsselskap. Reidun var ikkje stor jenta før ho fekk høyre om folk på Madagaskar, og som 11-åring gjorde misjonsfilmen Wondo eit uutsletteleg inntrykk. I ettertid har Reidun sett endå klarare at den filmen var med på å skape misjonskall. Samtaler med generalsekretær Josef Dahl i Misjonsselskapet var med på å hjelpe henne til å sjå at ho var både god nok og vaksen nok. Då blei òg eit ord fra Bibelen, frå 2.Tim.1.9, så levande for henne: «Han kalla oss ikkje på grunn av rettferdige gjerningar…».

Etter huspost i Oslo og eit rikt år på Haugetun folkehøgskole fekk ho utdanning som sjukepleiar i Fredrikstad. Deretter blei det år med allsidig og lærerik praksis på fleire stader og vidareutdanning som jordmor i Bergen, før det for alvor blei nytt liv i tankar og planar om misjonsteneste.

Ein sommar då Reidun var på Misjonsselskapets generalforsamling blei det opplyst om at det var ledig stilling på Madagaskar. Reidun blei fylt med spenning. Var det ikkje det ho hadde venta på? Etter eit kveldsmøte tok ho mot til seg og stakk ein lapp i handa til ein av leiarane. Snart blei tankane og draumane frå barndom og ungdomstid til konkrete planar. I februar 1965 blei Reidun høgtidelig innvigd til misjonær i Borge kirke.

Etter nokre månaders franskstudium i Paris bar det ut til Madagaskar, til fem år med allsidig misjonsarbeid blant gassarane på «Solskinsøya», eit folk Reidun seinare alltid har hatt dei beste lovord om. Her fekk Reidun verke med omsorg og fagleg dugleik, på misjonsstasjonen naturleg nok, men òg i landsbyar som ho nådde fram til etter nokså strevsame og lange turar. Stundom kunne det også bli nokså lange opphald for å gje livsviktig medisinsk hjelp utan at ho hadde andre å kunne rådføre seg med. Her fekk ho tenne ny von og gje trøyst, oppmuntring og uvurderleg helsehjelp. Og her fekk ho dele evangeliet om ein god Gud, ein kjærleg Far som utan betaling vil gje fred og glede for dagen i dag og like inn i det evige livet.  

Tilbake i Noreg fekk Reidun òg kjenne på at det gjeld om å finne balanse mellom å gje og yte og få tid til kvile, ettertanke og rekreasjon. Dette tok ho med seg i nye dagar som sjukepleiar og jordmor. Engasjement for misjon var stadig levande, men ho såg nok også «dei nære ting» i eit nytt perspektiv, ny glede over å vere saman med sysken, familie og vener. Ja, me må heller ikkje gløyme alle tanteborna som voks til, dei som ho gjennom alle år har sett så stor pris på. Og ho fekk kjenne på at dette var gjensidig. For den neste generasjonen i familien Slettevold var ho alltid alles kjære tante Reidun.

Reidun kunne ha nok ha tankar om ny utreise til Madagaskar, men då ho blei kjend med Hans Sønderland frå Treungen, fekk livet ei ny vending. Då dei blei eit par, synte det seg snart at dei to morlause smågutane til Hans, Jon og Dag, svært gjerne ville ha Reidun som mor. No var ikkje det Hans imot. Snart blei det bryllaup, og gutane måtte rett som det var be kvarandre om å få skifte plass for å få sitje på fanget til mamma.

Etter nokre år flytte Hans og Reidun frå Ski til nytt, stort hus i Treungen, litt ovanfor gardstunet der Hans hadde vakse opp. Med vidt utsyn fra stoveglaset kunne dei feste blikket mot fjell, skogar og Nisser. Ja, dei fekk òg ein mjuk og fin overgang til eit nytt miljø mellom nye folk.

Hans fekk på nytt knyte sterkare familieband og friske opp gamle venskap, medan Reidun –imøtekomande og med glimt i auga – snart fekk nye vener. På Treungen bedehus blei ho med i sundagsskulen, og det tok heller ikkje lang tid før ho var leiar for ei forening tilslutta Det Norske Misjonsselskap, noko ho heldt på med så lenge ho kunne greie. I desse åra fekk ho òg vere med på ein tur til Madagaskar. Naturleg nok var det med stor glede ho fekk sjå at det grodde godt i fotefara der ho hadde verka.

Som kjent blir ikkje alt i livet slik me har planar om. Hans fekk ein alvorleg sjukdom, og det synte seg nokså snart at livet ikkje stod til å berge.

Reidun måtte gjennom tunge dagar, men i tru og tillit til Gud, og med god støtte frå familie og vener, fekk ho på nytt oppleve at «Som dagen er, skal styrken din vera». Det blei endå nokre år i det nye huset på Sønderland, før ho fekk ein trygg og triveleg bustad i tilknyting til Nissedal omsorgssenter.

No blei det færre turar ut, men gode folk i Treungen frikyrkje hadde alt nokre år før fått henne med i misjonsforeninga, noko Reidun sette stor pris på.

I husværet sitt fekk ho nok òg sjå at ho ikkje var gløymd. Daglege telefonsamtaler med næraste familie, ikkje minst storebror Otto, var heilt uvurderleg. Her fekk ho òg besøk av familie og sambygdinger. Inne på Omsorgssenteret fekk ho treffe både kjende og ukjende. Så langt det let seg gjere, ville ho gjerne vere til stades når det var opplegg med song og opplesing, eller andakt inne på «Mimrestoga».

Heilt til det siste viste Reidun at ho var glad i menneske. I omtalen av andre høver orda frå Katekisma om «å orsaka, tala vel om og taka alt i beste meining» godt på Reidun.

Før jol kunne nok dei fleste leggje merke til at Reidun var blitt svakare. Ho nemnde òg på at ho var spent på å få sjå det som var «ovan molnen», og få møte Han som ho heile livet hadde sett sin lit til. Slik fekk ho òg sovne roleg inn.

Fred med det gode minnet ditt!

På vegne av vener i Treungen

Tor Valle

Powered by Labrador CMS