Meiningar
Politi og demokrati
Etter ein lang politisk kamp, blei passkontoret for Vest-Telemark opna i juni 2024 av dåverande finansminister Trygve Magnus Vedum. Politidirektoratet og Sør-Aust politidistrikt, med hovudkontor i Tønsberg, var imot etablering av passkontoret.
I oktober 2025 foreslo Arbeiderparti-regjeringa i statsbudsjettet at passkontoret i Vinje skal leggjast ned. Grunngjevinga var lite besøk. I forliket i Stortinget til statsbudsjettet for 2026 blei det løyva 23 MNOK ekstra til å oppretthalde 14 passkontor, inkludert Vinje.
Fredag 13. mars møtte ordførarane i Vest-Telemark leiinga i Sør-Aust politidistrikt, med konstituert politimeister Kathrine Stein i spissen.
Under møtet blei det opplyst at passkontoret i Vinje har vore ope 13 dagar i 2025. Altså om lag 1 gong per månad. Det blei skrive ut 442 pass, noko som tilsvarar 34 pass kvar opningsdag. Alle pass-timane som vart lagde ut blei nytta. Det viser at det er stor etterspurnad etter passtimar i Vinje. Hadde det blitt lagt ut fleire timar, kunne talet på utskrivne pass ha mangedobla seg.
Regjeringa nytta det låge talet på utskrivne pass som argument for å leggje ned passkontoret i Vinje. Men årsaka til det låge talet er berre at Sør-Aust politidistrikt ikkje har prioritert å ha passkontoret i Vest-Telemark ope!
Sør-Aust politidistrikt omfattar fylka Buskerud, Vestfold og Telemark. I Hallingdal blir det skrive ut pass i Gol. I Hallingdal bur det om lag 21 000 innbyggjarar, medan det i Vest-Telemark bur om lag 14 000 innbyggarar. Kontoret på Gol er ope 3-4 dagar i veka og skreiv ut 3534 pass i 2025. Det viser at politiet i Sør-Aust klarar å ha eit godt tilbod til innbyggjarane i spreiddbygde område, hvis dei vil.
Det dårlege tilbodet i Vinje fører til at innbyggjarane i Vest-Telemark, gjerne med barn, må ta fri ein halv eller heil dag for å køyre fleire timar til næraste passkontor. Det dårlege tilbodet er upraktisk for dei av innbyggjarane som ikkje har, eller kan, køyre bil sjølve. Kollektivtilbodet i Vest-Telemark er som kjent dårleg.
Det kom ingen lovnader i møtet 13. mars frå konstituert politimeister Kathrine Stein om at det skal bli betre i Vest-Telemark. Dette skjer på tross av at Stortinget har sagt at det skal vere passkontor i Vest-Telemark også i 2026.
Ut frå eit demokratisk perspektiv er det problematisk at politiet ikkje fylgjer opp det våre øvste folkevalde vedtek.
Vi vil ta kontakt med ein stortingsrepresentant som kan stille spørsmål til Justisminister Astrid Aas Hansen (Ap). Kan Statsråden stille seg bak praksisen til Sør-Aust politidistrikt med særs få passtimar i Vest-Telemark?