Meiningar
Palestina og folkemusikk
Lesarinnlegg
Tusen takk for at du skriv om Palestina, Jarle! Utan deg hadde mi stille støtteerklæring under Seljordkappleiken truleg vore gløymt av dei fleste der, og totalt ukjend for alle som ikkje var der. Israel sin angrepshær er på frammarsj i (restane av) Gaza by, eit område langt mindre enn Seljord kommune med to millionar innbyggjarar – iallfall før nedslaktinga tok til for fullt i 2023. Kvar dag døyr det born og vaksne av både svolt, kuler og bomber, men stillheita her heime er øyredøyvande. Kvar stemme som omtalar krigen, uansett side, bryt lydmuren.
Kultur har i uminnelege tider vore gjennomsyra av samfunnskritikk, frå dei greske tragediar til moderne beats. Også folkemusikken har politisk slagkraft, som då Ella Marie Hætta Isaksen joikar «Palestiinna Mánát» i lag med Oslove Juoigansiida – gamal songkunst i nymotens drakt, gjennomsyra av kjærleik frå eitt undertrykt urfolk i Noreg til eit land i Midtausten som har blitt svike av verdssamfunnet. Innflettinga av «Star Spangled Banner» i «Fykeruds farvel til Amerika» i Seljord på laurdag er eit anna strålande eksempel, som i seg sjølv byggjer vidare på Jimi Hendrix sin legendariske nasjonalsangframføring på Woodstock i 1969.
Du skriv sjølv korleis musikk knyt menneskje saman. Det same gjeld i folkemusikken, også på tvers av grenser. Det slo meg seinast i kveld, der eg i bilen høyrte på avslutningssporet på den steintøffe skiva til folk-fusion-bandet Pumpegris, kor mykje den konkrete låta likna på ørkenbluesen til konstellasjonen Tinariwen med base i Vest-Sahara. Vegen er lang frå Oslogatene til sanden i Azawad-regionen, men bokmål møter berbersk i mine øyre. Me er alle menneskje, og då er det viktig å ikkje gløyme våre vener i andre land, både kjente og ukjente. Heldigvis finst det gode kulturinitiativ som held fokus på vanskelege tema, slik som Artistenes blandakor sine mange arrangement og produsentlegende Brian Eno sin solidaritetskonsert på Wembley førre veke. Solidaritet er viktig, uansett om det gjeld Palestina, Ukraina, Sudan eller Myanmar.
Til slutt: Du skriv eit «høyst personlig og privat ytring», men på same tid gjev du ikkje meg rom til det same? Eg var, som du skriv, til stades som lydteknikar – ikkje politikar. Nett som du var der som musikkinteressert – ikkje PR-rådgjevar. Eg står gladeleg inne for både kjøp og bruk av t-skjorta mi, men at ho klarte å «tilgrise alt det vakre» seier kanskje meir om ditt perspektiv enn om mitt?
Uansett: Takk for blesten! Fritt Palestina!
Ivar Barstad