Ottar Olav Lid til minne
Minneord
Dagen kom då livsvegen din tok ende. For skjebnen kom og råka deg med denne fæle og nådelause sjukdomen for fleire år sidan. Kompasset og livet ditt hadde staka ut kurs vidare den gongen – for du ville så mykje - men kreftene dine tappast, svann bort og tok slutt. Ottar Olav Lid gjekk bort den 10.januar 2026 – berre 66 år gamal. Så veldig, veldig trist.
Du var ein kar av «heil ved» Ottar Olav. Slik var du skrudd saman og slik levde du ditt liv innad og utad. Ein bauta i bygdelivet og miljøet sin gang. Ærleg og redeleg. Staut. Veldig dyktig i det du foretok deg i arbeidet ditt og fritid. Så snill og oppofrande med dei rundt deg. Ein kunne stole på deg. Hadde du bestemt deg for det du ville og trudde på var du fulldreven. Med mykje energi - gav du deg ikkje før målsnori var nådd. Du var som eit nav som dreiv med alle tenner intakt. Du bygde deg hus - hadde møtt kjærleiken og fekk stor familie som du støtta opp om og hadde det godt saman med. Du opplevde det å bli bestefar.
I lokalmiljøet i Høydalsmo var du ein 24/7 mann med dugnadsarbeid i skiløypene og i idrettslivet forøvrig gjennom alle år. Ein pådrivar. Bygda og idrettslivet har så mykje å takke deg for. Skiidretten stod deg høgt – kunnskapane dine dela du raust med andre og førde deg og ut i Europa som supergod smørjar inna kombinertlandslaget.
Sjølv blei eg deg kjend med deg gjennom fotballen utover i 1980-åri. Hugsar du spela med panneband nokon gonger. Du var som ein maur å ha rundt seg når ein hadde ballen og du vann dei fleste duellar. Etter kampen – tap eller seier – var det god sportsånd - takk for kampen med nevahelsing og kameratar.
Etter den tid blei det jakt og fisketurar, turorientering på Grønlihei og i Bordalen. Og mange hyggelege lag med deg og Helga med felles venner og godt kameratskap.
Ved og rundt ilag ein tyrield i skogane kan gode tankar mellom menneskje og dei fine og djupe samtalane kome fram. Ein slik plass kan liksom menneske finne kvarandre til noko fine ting. Ein oktoberdag hausten 2020 hadde Ottar Olav og eg stavra oss opp bakkane og åsane innover Lårdalskogane. Vi gjekk til plassen hans Rauland som han viste fram og vidare over mot Langesæ.
Eg hadde problem med å fylgje han – den gong då ein 61-åring var ennå som ei fjellgeit i lendet. Det hadde ausregna – det fløymde kaldt haustvatn frå bekkar og myr sukla rundt han og frå gjennomblaute sko. Men det ensa han ikkje. For eg såg Ottar Olav lika seg her i hans lokalkjende område. Han smilte og skøya. Men dette var på ei tid som sjukdomen hadde begynt å innhente han – så nokon gonger gjekk orienteringa litt i krøll denne dagen. Og eg såg den store, sterke og mandige idrettskroppen foran meg innimellom blei ustø - det blei eitt og anna attersteg- der me tok oss fram gjennom skogane.
I eim av kaffilukt frå ein svart kaffikjele ved bålet i Kilen ved Langesæ fortalte Ottar Olav om familien - Helga og ungane – om mor, far og brødre. Om at han var bestefar. Kor glad han var i dei alle og kva dei betydde for ham. Om livet som var og om livet som blei. Det gjekk mange kaffikjelar ved skaubålet denne dagen og det blei ein fin og logn samtale. Og då sola tilslutt glima gjennom det tjukke skoddelaget over Trisetnuten og skapte eit trolsk ljos over Langesæ, smilte Ottar Olav meire. Han elska naturen. Han elska skogen og fjella. Ottar Olav sa vi måtte ta omatt turen hit seinare ein gong – ta med fiskestonga og – me har det jo så jekli bra her oss gamle karar. Ja sa eg – det må vi. Då vi tok bakkane utover mot Lårdal var det blive tussmørkt mot ein haustkveld. Og Ottar Olav sa han ville heimatt til Helga nå og hadde det «litt» travelt . Eg såg berre skimten av han nedover mot bilen.
Det blei ikkje noko ny tur for oss til Langesæ som vi prata om. For skjebnen hadde lagt ein anna nådelaus plan. Men ein dag når vårsoli varmar Lårdal og grøne spirer i nytt liv finn vegen opp mellom mellom brustne snofenner i mai vil eg inn dit der vi satt den haustdagen ved Langesæ. Eg vil tenne ein ny tyrield der i skogens stillhet å samle litt tankar. Det kjem sikkert tårer. Der i ljosskjeret frå ein tyriflamme vil eg minnest Ottar Olav Lid.
Eg har ei fjell og krakafuru inne på Hyllandshei i Vinje. Med si breide bringe kan ein sjå ho på lang lei. Urokkeleg – robust, stor og sterk. Så flott. Som står der så rotfast med sterke røter i brast og bram. Som kan knake gjennom vindar og kald blest. Men som kjemper vidare med sin energi for det ho trur på. God å støtte seg til og med solide greiner å sitte på. Som om ho har armar som vil halde rundt ein. Så trygg. Som det er å ha ein god, ekte og sann venn. Eg skal tenke på deg Ottar Olav neste gong eg kjem forbi den fjellfurua på vandrarturen min. For dykk er jammen ganske like..
Me er mange som tenker på deg Helga, ungane og øvrig familie nå og i tida framover. Mi djupaste medkjensle og varme tankar til dykk i denne tid. Ta godt vare på kvarandre.
Nå er båten lagt frå land. Du var den gode guten Ottar Olav. Du var «heil ved» i ditt liv. I takksemd og respekt vil eg hugse deg og minnest deg for alltid. Vi gråter idag fordi du er borte og savnar deg. Men vi smiler fordi du har levd her, fanns her og var den du var ...
Kvil i fred.
Bjørn Møtteberg