Meiningar

Ordførar-uttale: Psykiatri – DPS i Seljord

Lesarinnlegg

1. Er psykiatri viktig?

I statsbudsjettet for 2024 blei løyvinga til psykisk helse og rus auka med 360 millionar kroner. Det skulle nyttast til ein opptrappingsplan med tre innsatsområde:

• Helsefremmende og forebyggende psykisk helsearbeid

• Gode tjenester der folk bor

• Tilbudet til personer med langvarige og sammensatte behov

Samstundes har styret i Sjukehuset Telemark planar om å legge ned ein døgnbemanna institusjon med plass/senger til 9 brukarar – Distrikts Pyskiatrisk Senter (DPS) i Seljord.

Årsak – Sjukehuset i Telemark klarar ikkje å rekruttere ein psykiatar. 

2. Fleksibilitet i helsevesenet

Innanfor mange bransjar forsøker ein å gjere yrkeslivet litt meir fleksibelt for dei tilsette. Det kan vere at ein opnar for vakter av ulike varigheit, heimekontor og Nordsjø-turnus.

Sjukehuset Telemark, kan lett rekruttere ein psykiatar, dersom dei ville vurdert ein ordning med Nordsjøturnus. Vedkomande kunne jobba i Seljord og litt på Notodden. Men dette kostar litt meir. Difor blir ei slik ordning avvist av sjukehuset.

3. Kvalitet i Seljord

På styremøtet 17. september blei det avgjort at Sjukehuset Telemark berre skal lyse ut psykiaterstillinga fram til 1. oktober. I same sak er det bede om ny sak til styremøtet 22. oktober, med plan om å leggje ned DPS i Seljord, dersom det ikkje er kome ein søkar innan 1. oktober. Nedlegging vil truleg skje frå 23. desember.

I Seljord er DPS- Seljord i nær kontakt med lokalsamfunnet og brukarane blir godt teke vare på når dei er rundt i bygda. I Seljord er det 20 tilsette med høg psykiatrisk kompetanse. Denne kompetansen som er bygd opp gjennom mange år. Det er eit tilbod til personar med langvarige og samansette behov. Til tross for Regjeringa sitt mål om satsing på denne gruppa, er administrasjonen og styret villig til å bryte opp det solide fagmiljøet, fordi ein ikkje klarar å tilsette ein psykiater.

Vi vil oppmode styret for Sjukehuset i Telemark om å berge DPS-tilbodet i Seljord.

Jarand Felland på vegner 

ordførarane i Nissedal, Fyresdal, Seljord, Tokke, Vinje, Kviteseid, Tinn, Hjartdal, Notodden, Midt-Telemark, Nome, Siljan, Drangedal og Kragerø 

Powered by Labrador CMS