Omvegane mellom aust og vest

Kvifor er ikkje E134 Haukelivegen GPS-alternativet mellom aust og vest?

– Me er ikkje tent med at me har moderne hjelpemiddel som gjer at du på ein eller annan måte blir totalt villeia, sa Pål Kårbø, dagleg leiar i E134 Haukelivegen AS på vegkonferansen i Vrådal.

I sommar opplevde han at Rv7 over Hardangervidda var det tilrådde alternativet då han skulle frå Seljord til Jondal. Same rådet fekk han av kart-appen på telefonen då han stoppa i Haukeli – endå nærmare Jondal. Sjølvsagt visste Kårbø kva veg han skulle køyre, men for dei som ikkje var like kjente ville omvegen frå Haukeli ha vore 24 mil lengre enn raskaste veg!

Artikkelen held fram under annonsen.

Diskusjonane har vore heite om E134 over Haukelifjell i sommar. Vedlikehaldsarbeid i Vågslidtunnelen og Haukelitunnelen gjer at bilistane i sommar og dei to neste åra må rekne med ventetid og kolonnekøyring frå juni til oktober.

I juli melde Statens vegvesen at ventetida var på opp mot tre timar og dei bad folk om å velje andre vegar, som langs kysten eller Hardangervidda, i staden for E134.

Det vekte reaksjonar.

– Det vil eg kalle feilinformasjon, fastslo Ragnvald Christenson i Haukeli i eit lesarinnlegg i VTB.

– Eg har fylgt med i utviklinga av E134 gjennom mange år, og dessverre så er det personar som greier å motarbeide utviklinga av denne viktige stamvegen mellom aust og vest, og då er det berre ein medisin til dette og det er å ta til motmæle, heldt han fram.

– Kven er det som saboterer Haukelifjell? spurde Bjørn Arne Lindskog i eit kommunestyremøte.

Han hadde køyrd over fjellet fleire gonger i sommar og ventetida var mellom 10 og 25 minuttar, konkluderte høgrepolitikaren frå Haukeli.

Underteikna skulle også vestover i august. For å kome til Husnes viste kartet berre to alternative reiseruter: Over Hardangervidda eller langs kysten. Turen – som over E134 ville vore 256 kilometer og tatt om lag 4,5 timar – var då rekna til pluss/minus sju timar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me skal ikkje bli konspiratoriske, men er det rart nokon blir det?

Det er eit stort behov for å synleggjera E134 som aust-vest-sambandet. Vinje-ordføraren har varsla at han saman med styreleiar i E134 Haukelivegen AS skal i evalueringsmøte med Vegvesenet. Det blir viktige samtaler, ikkje minst før neste sommarsesong når tunnelarbeidet igjen blir tatt opp att.

VTB har ikkje lukkast å få svar på kvifor vegtilrådinga i blant er som den er. Arbeidet i tunnelane og ventetid er trulege årsaker til at GPS-en vel andre ruter.

Men: Ein skal gjennom mykje venting, mange kolonnar og vegarbeid for at det skal løne seg å køyre Rv7 eller E39, i staden for E134, om ein skal frå aust til vest.