Knapt ein lyd: Ho ber han, sviv med han. Alt han kan er å klimpre.

Óme – i gode og vonde dagar

– Folk ser så ulike ting i denne framsyninga. Den er det publikum gjer den til, seier Sivert Andreas Holmen, før han og Silje Onstad Hålien viser «Óme» for VTB og 150 andre festivalgjester på Raulandsakademiet.

Dette vesle ordet som kan bety etterklangen av ein tone, resonansen av ei rørsle, lyden av stille.

Dei to på scenen skaper små utdrag av eit liv saman – to som går gjennom gode og vonde dagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og måten deira å vise det på vrir på tankesettet, fordommane som eg og alle har, dyttar oss ut av den tronge båsen for kva som går an med grep som er like enkle som dei er kraftfulle.

Spelemannen treng ikkje vere berre spelemann. Dansaren treng ikkje vere berre dansar. Ein treng ikkje vere fleire for å få til samspel. Ein treng ikkje instrument for å lage lyd. Ein treng ikkje musikk for å danse.

Eller, det går i alle fall utan for ei stund.

Lydlaust finn dei tonen

Dei sit på kne og ser på kvarandre, begge med ein feleboge i den eine handa. Ho held sin med spelemansgrep, han held midt på. Men fingrane hans lear seg som små larver, og litt etter litt får han sendt bogen oppover, til han har same grepet som henne.

Så stig bogane, sviv, stoppar. Dei er nesten spegelbilete av kvarandre, men det er ho som leiar, han som følgjer. Ein kan så vidt ane lyden av luft i rørsle over lyden av eit publikum som ser på nesten utan å puste.

Svisj: Hennar boge fer ut til sida som i eit angrep.

Ho spelar på låret sitt, på handleddet, skuldra. Han let også bogen gli over eigen kropp. Me høyrer ei svak gnissing.

Så møtest bogane som to forsiktige sverd. Eit svisj når hennar boge fer ut til sida som i eit angrep. Ei lita harpikssky oppstår der svisjet stoppar. Hans boge slår ut rett etter, så hennar, så hans. Dei har funne ei takt. Sprett opp, svingar seg rundt på heile scenen med bogane.

Eg ser to som har funne tonen, nesten lydlaust.

Artikkelen held fram under annonsen.

To saman i harmoni

Tre feler har han, og no tek han opp den eine og spelar ein nydeleg vals. Ho kjem bort, lener seg inntil han. Kryp inn i armane hans, legg ein arm kring livet hans, ein over skuldra. Så dansar dei.

Heile tida spelar han, uavbrote.

Multitasking: Ho kjem. Lener seg inntil han. Kryp inn i armane hans. Heile tida spelar han, utan avbrot.

Han legg henne nesten ned, ho kryp ut frå armane hans, rundt han, opp på ryggen hans. Stadig spelar han utan avbrot. Dei er i ein slik harmoni, kjenner kvarandre så godt. Det er så vakkert, så saumlaust, så sterkt korleis han taklar både henne og spelinga, sjølv når ho må berast.

Dei legg seg til slutt ned saman, han med hovudet på låret hennar. Sakte døyr valsen ut, og me får ei fredfull kjensle av at dei har sovna saman.

Seinare snur rollene. Dei har nettopp dansa springar, nok ein gong med han som dansande spelemann. Men så fell han, og ho tek han imot. Han kjem seg på beina att og løftar henne att ei kort stund, men så må ho bera han att. Dei sviv rundt som ein kross, ho vertikal, han horisontal. Han har fela, men ingen boge. Det einaste som lear seg på han er fingrane, som klimprar svakt inntil bakgrunnsmusikken.

Raskare og raskare sviv ho, og når ho set han ned att er han på ny med i springaren.

Dansar utan musikk – ei stund

Det er stille, men han trampar ein rytme og dreg henne med seg. Dei ler og skravlar og dansar springar, utan tonefølgje. Ho sviv og hoppar, han trampar og klappar.

Så frys ho plutseleg. Vert ståande med eine handa opp, reagerer ikkje på at han tek runde etter runde kring henne. Litt nølande set han på musikken. Og det var det ho trong, det ho sakna. Ho tinar opp og kastar seg ut att i dansen med han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seinare er det han som vert ståande som ein statue, med armane krumma framom seg, tom i blikket. Han treng fela og bogen, skjønar ho, og litt ertande hentar ho det til han.

Stoppar opp: – Seinare er det han som vert ståande som ein statue, med armane krumma framom seg, tom i blikket.

– Lalala, syng dansaren med ustø stemme. Fleire av ungane i salen ler, og ho smiler også. Ho har ein boge i handa att, slår ut i lufta og prøver å synge tonane igjen, utan at det blir særleg mykje støare.

Meir latter. Men han har fela no, og set seg på scenekanten og byrjar å spele. Ho vågar seg ned på golvet, nærmar seg publikum. Let bogen gli over ein arm her, ein skulder der. Ho ler, ho er trygg. Det gjer ikkje noko om tonane er ustødige og bogen har lause hår. Ho riv håra av og kastar dei til publikum, som om ho er ein stjerneartist og me er fansen.

Står i det, støtta av tonane hans.

Aggresjon og erotikk

Men det er ikkje berre harmoni heller. Plutseleg smell det. Dei trampar med harde steg. Han tek armhevingar. Ho sparkar. Aggresjonen pumpar gjennom begge på scenen.

Eg kjenner att frustrasjonen. Kva skjedde no? Kvifor er han sint? Kvifor blir eg så irritert? Så rasande?

Det meste av tida er dei to berrføtte, men på eit tidspunkt snører ho på seg sko. Han dreg i gang ein heftig halling, og ho dansar som besett, hoppar og sprett i sirkel, i ville, vridande rørsler der hallingkarstykka ligg og ulmar under.

Det aukar og aukar i intensitet, og så vert dei begge brått heilt stille, heilt urørlege. Det er som dei held pusten nokre sekund, så begynner dei begge samstundes å hive etter pusten med små, sukkande lydar innimellom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er som dei landar etter ein annan type ekstase, som ikkje har noko med dans å gjere.

Hallingekstase: Ho dansar som besett, hoppar og sprett i sirkel, i ville, vridande rørsler der hallingkarstykka ligg og ulmar under.
Les også
Festivalfredag med dansen i høgsetet. – Det starta med eit oppdrag der eg skulle vere ein bevegeleg spelemann

Den siste valsen

Mot slutten kjem valsemelodien att, den same som dei dansa til på starten. Dei dansar, lener seg på kvarandre, rygg mot rygg. Sig ned på golvet, så hovuda deira kviler på den andres skulder. Heile tida dansar hendene hennar i lufta til tonane hans.

Scenen vert mørkare og mørkare, og tonane svakare og svakare. Til slutt stoppar bogen hans, og hendene hennar dansar vidare i stilla.

Og eg får brått ein klump i halsen.

Eg, kvinne, i lag med ein mann eldre enn meg sjølv.

Det er stor sjanse for at spelemannen sluttar å spele før eg sluttar å danse.

At eg på eit tidspunkt må danse vidare utan tonefølgje.

Åleine: Hendene hennar dansar vidare i stilla.