Nye læreplanar skal gje elevane tid til meir fordjuping.

Samfunnet endrar seg med ny teknologi , ny kunnskap og nye utfordringar, og det stiller krav til framtidas skule. Innhaldet i skulen blir nå fornya for å ruste elevane best mogleg for framtida.

Fagfornying er namnet på arbeidet med dei nye læreplanane som skal takast i bruk frå og med skuleåret 2020. Det har vore ein prosess som har engasjert og til grunn for arbeidet ligg mellom anna 20 000 høringsinnspel. Tilbakemeldingane og undersøkingar har vore at dagens læreplanar er for omgangsrike og at det er vanskelig for lærarane å prioritere det viktigaste stoffet i faget. Det er uklar progresjon i og mellom fag, og elevane får heller ikkje tid nok til fagleg forståing og fordjuping.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagens fag – og timetall skal vidareførast , og det skal fortsatt vere kompetansemål i læreplanane ,men dei nye læreplanane skal gje elevar og lærarar meir tid til fordjuping, slik at elevane forstår stoffet og kan bruke det dei har lært i andre samanhengar.

Samanhengen i læreplanverket blir nå betre og læreplanane blir endra i form og innhald. Fleire fag blir meir praktiske og utforskande og det blir meir læring gjennom leik for dei yngste.

Tre faglege tema kjem inn i faga der det er relevant, desse tema er demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmestring. Alle er sentrale samfunnsutfordringar.

Det blir ei sterkare vektlegging av kritisk tenking i faga og digitale ferdigheiter får større plass i dei nye læreplanane , det inneber digital dømmekraft og kjelde kritikk, og informasjonsikkerhet. Programmering inngår også i den digitale satsinga.

Engasjementet har vore stort og tilbakemeldingane har vore gode frå fleire hald da kunnskapsminister Jan Tore Sanner la fram fagfornyinga. Eg ønskjer skulane lykke til med nytt læreplanverk og håper dei unytter godt handlingsrommet dei får gjennom fagfornyinga av læreplanane.

Solveig Sundbø Abrahamsen

Stortingsrepresentant Telemark Høgre