Nok er nok!

Som eldst i ein syskenflokk på sju er eg vand med å uttrykkje dette eller liknande ting. Det kjem ofte som ein følgje av at nokon har kasta ei vase i golvet så det ligg skår over heile kjøkkenet, eller at nokon har helt ut solbærsirup i lenestolen, eller kanskje tetta doskåla med leikebilar. Eller liknande ting.

Og for å ha sagt det med ein gong, så meiner eg dette har utarta seg til å likne ei slik «nok er nok-situasjon».

Artikkelen held fram under annonsen.

I det førre innlegget som sto på trykk her, blei det avslutta med ein heftig personsjikane, som ikkje høyrer heime nokon stad. Det å påstå at nokon (eg nemner ikkje namn) «Ikkje er i stand til å sjå ut av si eiga navle med tilliggjande herlegheit» meiner eg er heilt utruleg frekt, og særleg når me veit at eit (og mest sannsynleg ganske mange fleire) av ofra for denne utsegna har vore uheldige, og blitt smitta av viruset som eg heller ikkje trenger å nemne med namn.

Herlegheita, den er det me i bygda som sit på. Nettopp derfor er det at det er så mange hytter her. Det finst hundretusenvis av hytteeigarar over heile landet, som nyttar hytta til å sleppe unna kjaset og maset i byen berre ei stund. Berre i Vinje finst det nærmare 5300 hyttar. Altså er det over 10 000 hytteigarar med tilknytning til Vinje kommune. Eg kan lett sjå føre meg irritasjonen som bygger seg opp når ordføraren i nettopp denne kommunen (Noregs fjerde største hyttekommune) ynskjer å stenge seg og sine inne. Grunnen til at dette har skjedd, trur eg, er ikkje utelukkande rein egoisme eller ønsket om å behalde kommunane fri for smitte. Grunnen er at ein er redde for å trø feil i eit samfunn der ein lever på kanten av stupet heile tida, både økonomisk og på helsemessige vis. Mange stemmer roper høgt om løysinga på alle problema, det være seg stenging av skular, hytteforbod, karantene osv. osv… Det er ikkje lett å vite kva for stemmer ein eigentleg bør lytte til!

Eg avsluttar med å seie at eg trur det er bra, både for hytteelskarar, og for kommunen, at forbodet no er oppheva. Elles trur eg dei økonomiske konsekvensane ville ha vore endå meir fatale enn det dei er i dag.

Med helsing frå

Jon Grøstad Johnson (15)

Les også
Brev til ordføreren i Vinje fra en korona-pasient
Les også
Svar til Pål Prestrud
Les også
Vinjeskam/Osloskam/hytteskam
Les også
Skammeleg reaksjon frå Pål Presterud og Ingeborg Naadland Bjørnstad!