Synnøve Strigen. Synnøve Solbakken

Nekrolog – Synnøve Strigen

Det var ei trist melding eg fekk i dag. Skodespelar Synnøve Strigen er død. Nelly Synnøve Strigen Masst, som var hennes fulle namn, vart 86 år gamal. Synnøve er gravlagt ved Kronborg kapell på Ulefoss.

Ho vart fødd 15. februar 1934 og døydde 1. august 2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

Synnøve Strigen hadde sine barneår på Ulefoss, der familien hennes kom frå. Men under krigen på 1940-talet flytte familien hennes til Kviteseid. Det var foreldra Klara og Ole Strigen, broren Torbjørn og Synnøve.

Me vart naboar og vener ettersom dei budde på Flatin, der min familie og budde.

Synnøve utdanna seg til skodespelar og vart mest kjent etter hovudrolla som Synnøve, i filmen om Synnøve Solbakken, frå romanen «Bondefortellinger» av Bjørnstjerne Bjørnson frå 1857. Filmen hadde premiere i 1957.

Før Synnøve sin 85 årsdag den 15. februar 2019 besøkte eg henne og skreiv ein artikkel som vart publisert i Vest Telemark Blad. Artikkelen fekk ho tilsendt på fødselsdagen sin. Ho var glad og fornøgd når eg snakka med henne på telefon og gratulera med dagen. Då var det kaffe og kake på Ringsevja Bo og servicesenter der Synnøve då budde.

Den 18. januar 2019 når eg hadde avtale og besøkte Synnøve oppstod det ein morosam situasjon. Ho snakka bokmål heile tida, men etter ein halvtimes tid slo ho plutseleg om til Kviteseid-dialekt. Ho sa til meg ein gong tidlegare; «Kviteseid, ja, det var en fin tid». Unge år og dialekten frå Kviteseid var ikkje gløymt.

Me lyser fred over Synnøve Strigen sitt gode minne.

Arvid A. Syftestad

Les også
Filmstjerna som hadde sine barne- og ungdomsår i Kviteseid
Synnøve Strigen.