Meiningar
Nei til nedlegging av døgnposten ved DPS i Seljord
Lesarinnlegg
I samband med temakvelden knytt til Verdsdagen for psykisk helse i Nesland kyrkje 7.10.25, vil forsamlinga be styret for sjukehuset sjå nøye på kva for konsekvensar stenging av DPS-avdelinga vil få.
Verdsdagstema i år er psykisk beredskap. Til den psykiske beredskapen høyrer også ei behandlingskjede med trygge døgnplassar for psykosar, og tyngre diagnosar.
Ved nedlegging vil ein rasere eit sterkt fagmiljø, som også er ei stor styrke for dei psykiatriske tenestene i kommunane.
Dei pasientane som nyttar brukarstyrte senger, vil misse noko av den tryggleiken som gjer at dei fungerer i sine lokalmiljø.