Meiningar
Nei til Bovaer - drøvtyggaren er ikkje den store miljøsyndaren!
Innlegget også sendt inn til næringskomiteen på Stortinget som skriftlig innspel til sak: representantforslag om å ikkje bruke metanhemmere i norsk landbruk.
Saka om Bovaer som metanhemmar har skapt mykje engasjement i medlemsmassa i Bondelaget. Dei aller fleste syner stor skepsis til Bovaer og kunstig framstilte metanhemmarar som klimatiltak, og stiller seg undrande til prosessen som har lyft dette klimatiltaket som eit av dei viktigaste tiltaka for at landbruket skal oppfylle klimaavtala med staten. Det er veldig mykje godt arbeid som blir gjort på gardane i landet vårt. Godt avlsarbeid og grovfôr er også tiltak som reduserer metangass. Me treng matproduksjon i heile landet og me treng at forbrukarane har tillit til produktene me produserer om me skal nå måla om auka grad av sjølvforsyning.
Totalberedskapsmeldinga peiker på auka matforsyning som eit viktig tiltak. Då må me slutte og gjere drøvtyggeren til miljøsyndaren og ta vare på dei bøndene me har i dette landet. Det blir færre av dei dag for dag.
Me er motstandarar av Bovaer av følgande grunnar:
- Me meiner det er gale å endre naturlege biologiske prosessar i drøvtyggaren med kunstig framstilte tilsetjingsstoff i fóret.
- Forbrukarane er skeptiske - me bønder har ikkje råd til å gamble med forbrukartilliten.
- Klimaeffekten er mindre enn venta. Me må heller satse på dei meir langsiktige effektane av godt grovfór og godt avlsarbeid.
- Me veit ikkje langtidseffekten for bondens helse ved handtering av dette nye fórtilskotet.
- Kostnaden ved bruk vil vera med å drive opp prisen på produkta våre.
- Tvang eller økonomisk press for å få oss til å bruke slike stoff, vil skape motstand. Norske bønder treng insentiv og støtte til å gjere gode klimatiltak, ikkje nye krav som potensielt øydelegg både tilliten til næringa og kvaliteten på produkta våre.
Metanhemmarar framstår som ein «quick-fix» for rask utsleppsreduksjon frå landbruket.
Drøvtyggaren blir gjort til den store miljøsyndaren, og ingen ser elefanten i romet: Overforbruket av energi og ressursar som fører til massive utslepp over heile planeten. Me må satse på forsking på avlsarbeid og grovfôrkvalitet som verkemiddel for å minske metanutslipp. Me ønskjer å gjere det me kan for å redusere utsleppa, men med metoder som ikkje svekkar dyrevelferden og forbrukertilliten.
Det er på tide at det blir opna for å reforhandle intensjonsavtala for utslepp i landbruket.
Vinje og Tokke Bondelag v/leiar Tarjei Minde Haugo
Seljord Bondelag v/leiar Bjørn Arve Nordbø
Kviteseid Bondelag v/leiar Tom Helge Rinde-Midtsund
Fyresdal Bondelag v/leiar Hans Christian J. Songedalstveiten
Nissedal Bondelag v/leiar John Olav Fjalestad
Hjartdal Bondelag v/leiar Åse Marit Durano Nordbø
Lunde og Flåbygd Bondelag v/leiar Magnus Hartveit
Gransherad Bondelag v/leiar Paul Åsmund Grandås Rokstad
Bamble Bondelag v/leiar Erik Dahl