Jon Ingebretsen. Arkivfoto.
Tone Tveit
Meiningar
Naturinngrep i vassdragsmiljø!
Lesarinnlegg
Verna vassdrag blei i si tid
verna etter grundige miljøfaglege,
samfunnsmessige og politiske vurderingar og beslutningar etter eit sett med
kriteria som viste at dei var unike og med det verneverdige. I vassdragsnatur
er elva, åi eller bekken sentrale element. Men vassdragsmiljø er mykje meir enn
det. Naturmangfaldet her representerar sårbare og spesielle økosystem som er
avhengig av det naturleg rennande vatnet og også av geologiske forhold. I
Vest-Telemark er om lag 95% av dei større vassdraga, som rett nok ikkje har
vernestatus, utbygde og regulerte for kraftproduksjon. I tillegg er det i denne
regionen bygd ei rekke småkraftverk i mindre vassdrag med varierande lønsemd og
samfunnsnytte. Slike vassdrag er viktig å skåne mot utbygging, da dei er av
stor betydning for naturmangfald og økologi og for sin eigenverdi. Dei er som
ein vital vassdragsnatur sine pulserande «blodårer».
Etter at NVE har gitt
konsesjon på vilkår av minstevassføring viser praksis under drift i etterkant
at dette i mange tilfelle ikkje blir fylgd opp og at NVE i liten grad fylgjer
opp dette med kontroll.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP