Meiningar
Når toppen veks og botnen krympar
Lesarinnlegg
Då eg skreiv Vegen til helvete, handla det om korleis velferdsstaten gradvis blir svekka innanfrå. Det same mønsteret meiner eg er synleg i kommune-Noreg, og difor ønskjer eg å løfte fram døme frå Tokke, kommunen der eg sjølv jobbar. Eg vil samstundes understreke at Tokke kommune er ein flott arbeidsstad. Det eg ønskjer å peike på, handlar ikkje om enkeltpersonar, men om praksis, struktur og kultur, eller ukultur.
I arbeidsavtalene for leiarnivået i kommunen ser ein ordningar som gjer at ein kommunedirektør kan få etterlønn over tid, eller gå over i ei anna stilling med nesten same løn etter at direktørrolla er avslutta. Uavhengig av kva som er årsaka til avgangen. Det betyr at Tokke kommune i praksis kan betale fleire toppleiarar samtidig, også når ikkje alle har ei aktiv leiarolle. Samtidig blir det foreslått kutt i skule, barnehage, helsestasjon, miljøterapi og omsorg.
Dette er ikkje eit særtilfelle. Vi har nyleg sett Sogndal kommune betale fleire millionar i etterlønn til ein avgått kommunedirektør, samtidig som dei kuttar i tenestene. I Helse Nord har toppleiinga halde fram med omfattande leiarvilkår samstundes som avdelingar blir reduserte og pasienttilbod blir svekka. Dette peikar på ei utvikling som ikkje er tilfeldig, men systematisk. Og det er ikkje rett at sårt tiltrengde midlar går til enkeltpersonar over lang tid etter at arbeidsforholdet er avslutta.
Då handlar dette ikkje lenger om økonomi åleine. Det handlar om prioriteringar. Fellesskapets pengar bør gå til tenestene innbyggarane faktisk treng. Når ein kommune må spare, skulle ein tru at det var naturleg å vurdere organisering og leiarnivå, ikkje berre kutte der tenestene blir utført.
Kommunelova og kvalifikasjonsprinsippet slår fast at hovudregelen i offentleg sektor er at stillingar skal lysast ut, slik at den best kvalifiserte får jobben. Dette sikrar openheit, likebehandling og tillit. Samstundes opnar tariffavtalane gjennom KS for at leiarar kan omplasserast internt dersom dei går ut av rolla si. Denne adgangen er meint som ei praktisk overgangsløysing, men i fleire kommunar har han utvikla seg til ein fast praksis der nye stillingar blir tildelte utan utlysing.
Når ein vel slike interne løysingar framfor å lyse ut stillingar, svekkar det openheita som offentleg sektor bygger på. Det kan føre til at viktige og innhaldsrike jobbar aldri kjem ut på arbeidsmarknaden. Då går kommunen glipp av kompetanse som kunne ha kome til frå andre stader, og praksisen kan dermed også vera med på å hindre tilflytting og rekruttering. I tillegg skapar det eit inntrykk av at tryggleiken ligg i toppen, medan usikkerheita og kutta blir lagde på tenestene nedst. Dette er ikkje eit spørsmål om lovbrot, men om forvalting av fellesskapets midlar og om tillit.
Dette handlar ikkje om betre løn til oss i førstelinja. Det handlar om at vi som samfunn må vise moderasjon der moderasjon faktisk har effekt. Ordningane i leiinga har vakse fram over tid, litt etter litt, utan at nokon har teke det store oppgjeret. No kjem konsekvensane fram i dagslys, og det er naturleg å stille spørsmål.
Tokke kommune og resten av kommune-Noreg treng openheit om slike avtalar før dei blir inngått, slik at politiske vedtak blir tekne på eit opplyst grunnlag. Etterlønn bør avgrensast i tid innanfor rimelege rammer, og overgang til ny stilling må vere nettopp det: ein overgang, ikkje ei varig ordning. Til sjuande og sist handlar dette om tillit.
Ingunn Furuvald