Minneord til Tone Larsen

Minneord

Kjære storesyster, svigerinne, tante og grandtante.

------

Tidi renne og alli snåvar,

ho fere fortar hell hesten tråvar. 

Der fer ein vetre, so fer a’ vår,

so renn a’ sumår, so gjeng a’ år.

(Tarald Jonsson Uppstad 1861-1925)

-----

Plutselig stoppar tida og alt endrast. Sakn og sorg blir nærværande! Då er gode, glade minne mykje verde, og me har mange, mange.

Barndomsminne der Agnar fortel om laurdagsvask, vassbalje midt på golvet, såpe og klut, storesyster er nøyen, veslebror skal bli rein.

Sjølv fortalde ho om ein tur då det gjekk gale, veslebror sklei frå ryggen hennes og rett ned i ei røys. Ho vart livredd og grein, men guten kom seg oppatt utan skade. Ansvarleg, lykkeleg og takksam storesyster.

Det fyrste eg minnest er ein morgon då bussen stoppa framfor Bui på Skålestrondi.

På veg, - truleg til Dalen, sat ei fin ung dame, og mor mi sa : «for en nydeleg dame Knut har med seg på bussen i dag!» Og Gonil svara : «Eg trur det er Tone Romtveit frå Arabygdi, ho som tente på Nykos ei beite.»

 Det kan godt hende Inger og Alf var med, men eg hugsar henne, rank, staseleg, – og som alltid, i alle år, kjempefin på håret, nyfrisert, velstelt og vakker.

Juli - 1966 gifte me kon, Agnar, veslebror hennar , og eg. Så drog me på bryllupsreise. 

Nokså vanleg det, etter eit gjestebod. Brurepar på tur! Kveitebrødsdagar! 

Men å ha med seg storesyster si på reisa … det er ikkje så vanleg!

Eg trur til og med det er nokså uvanleg å ha med seg storesyster, men det hadde altså me … Og var det meg imot, å nei, så langt derifrå.

Å reise med Tone og Olav, - betre kunne det ikkje bli. Det var båe me nygifte einige om. Og for ein minnerik tur det vart. 

Endå hugsar eg den nye luva til Olav som fauk på havet,- og rekene Olav og eg kjøpte, dei minste eg nokon gong har ete, så små at storesyster og veslebror nekta blankt å reinske og eta, og båe krauna for at me kunne kjøpe noko så vesalt.

Så flytte me inn hjå dykk, kjellaren i Larsahuset vart vår fyrst heim. Heldige me. 

Gode menneske, glade ungar. Ope hus, alle velkomne. Familiemiddagar, mange rundt bordet, god mat, Sponskake og spesielt for Klara … Blautekake! 

«NÅ SKA VI KOSE VÅRS!»

Hyggjelege dagar, morosamme kveldar, full fart og fest kvar helg.

«Eg fær sò gongsperrur,» sa ho, - og kvilde litt, mens Olav svinga på alle kjende som var på festen. Hu hei, når han var i farten,- fekk alle danse.

Minna er mange, Tone, gode alle saman, som då eg pakka opp ei jolegåve.

Eg lura fælt, slik ei tung og stor pakke. Kva i alle dagar? 

Jammen var det noko me trong, Agnar og eg, eit nydeleg middagsservice. Tusen takk!

Vidare i livet … De har alltid vore der, Tone med sitt milde, snille, rause og omtenksomme vesen, - Olav med all sin strålande energi, pågangsmot, iderikdom og humør. 

Campingliv : Me var i Strømstad og med ferja ut til Koster, strålande heit sol. 

Me var på Stolpestad og Nordsjø, langbord, grill og salat. 

Me for like til Gran Canaria og Monte Bello. Makelause feriedagar, berre solskinn og hyggje.

Og så var det stevne, - i Tuddal, i Seljord og Tinn, på Lillehammer, i Geilo og på Gol. Felespill og dans. Herlege somrar, sol og varme dagar, milde laaange kveldar og netter. Det regna aldri. Sov me, tru? Eg er neimen ikkje sikker. 

Familien auka, alle var like viktige, alle fekk helsingar og gåver. Du gløymde ikkje ein einaste jibusdag om me vart aldri så mange. Ekstra stas var det då Tone kom, oppkalla etter deg. «No må eg av garde og få i virke og saume bunad som vesle-Tone skal få». 

Og alle har me saum frå hennes hand.

Handarbeid, ja - ho spita fortare enn nokon eg kjende, og ein gong fekk me kofter til jol, både Agnar og eg. Vakre og varme, to like. Det har blitt mange plagg etter kvart, til både liten og stor. 

Det siste eg såg ho spita var babyteppe til oldebarn Ingeborg, og så inderleg glad ho var for jenta og det vakre namnet, oppkalla etter svigermor hennar.

Og kor mange bunader har ho sauma? Over hundre er det visst. På Vinjebui sa dei det var ei glede å sjå arbeidet, så makelaust fine. 

«Eg treng nytt liv til bunaden min, det gamle er for lite», sa eg. «Å, ja, det kan eg saume for deg,» var svaret ditt. Og attåt vart det skjorteliner og bunadssjal. Fin dyrebare gåver, som alltid – til store og små.

No har både Tuva og vesleTone «tante Tone-stakk». 

Båe bar sine på konfirmasjonsdagen, stolte og glade jenter.

«Det er ekstra hyggelig å vite at det er tante Tone som har brodert», seier ungjentene.

I seinare år vart me grannar, eit smilande fjes over rekkverket, eit vennesælt ord: «kom opp»! 

Storfamilien i stoga eller på verandaen, plass til alle. Til fleire, til betre.

For oss har du vore trygg storesyster, inkluderande svigerinne, god venn og trufast støtte. Vennesæl, solid og kunnskapsrik, - du har fylt alle roller me kan tenkje oss på beste vis. EIN BAUTA ER BORTE.

Hjartans takk for alt du var for alle. 

Helsing 

Anne-Marie og Agnar Romtveit m/familie

Powered by Labrador CMS