Minneord til Agnar Nykos
Minneord
Agnar - Min helt, mitt ideal, vårt blide, snille, hjelpsame, lógglege syskenbån.
Agnar! Klok og orientert, med nasen i ei bok, minnerik og vennesæl med ein artig bemerkning, delaktig, sprek og danseglad. Gullkrulla kar med friske, raude kjakar, munter, kvikk og lett. Vakker unggut.
Kven var best i hoppbakken? Kven var kjappest når me slo ball, kven hekk i øvste takstolpen i Nykos-låa og dingla? Kven ville me helst vera på lag med?
Ingen tvil. Agnar.
Tidleg var du timmerhoggar, ut i skogen med Torvald på fridagar. Kor mange kubikk vart det i veka? Ikkje få. Best der også.
Kvaukvistane kom heim og låg i kjøkkenbenken på Nykos. Det var berre å spikke seg ei tugge! Ingen kaupetyggis slo «ikónn-nappar»
Trongst det ved? Tante Anlaug baka brau, der måtte vera nok småved. Øksi stod klar i hoggestabben. Agnar var aldri trau å beda på, aldri bryredd.
Slåtten, hesjur, tjurrhøy og godlukt. Svarten drog lasset, me trakka høyet. I låa vart det hoppa og leika, - og me laga tunnelar. Tenk at me fekk lov til det, det var nemleg forbod andre stader, høystaden vart for kompakt. Det vart vanskeleg å få fatt i ei «gjeve» for å fore kretura.
Veten, låmir og hopp. Bort i enden av Nykos-jordet var der ein lageleg bakkje der til og med ei pyse som meg, torde å hoppe.
Ein kveld me var ute på ski, for me bort i bakken, utover ivirennet…. ut på hoppet, - og rett til himmels, og så…..Plask. Ski, stavar og hoppar kav i ei fonn lengst ned mot vegen. Agnar hadde vore der og bygt på, det var blitt eit dugeleg sprøythopp. Kven stod tvikrokut og lo? De kan gjeta to vendur.
Vart eg sinna? Å ja, furten? Å ja, - fisle heime? - å ja. Kva sa far? : «Kom deg utatt litt brennkvikt, slikt vas vil eg ikkje høyre. Så ut med deg». Det var den trøysta.
Så for Agnar på kvalfangst, heimatt kom du med motorsykkel, og me fekk sitje på. Full fart, utan hjelm, lite trafikk etter vegane,- alt gjekk godt, heldigvis.
Ut att på sjøen, heimatt med bil. «Vil du fylgje på fest»
Å ja, ingen ting var betre enn dansefest på laurdagane. «Vil du danse?»
Å ja, ingen ting var betre enn å sleppe å vera «veggpryd», som far min kalla det ; «Slapp du sitje veggpryd i gjårkveld?»spurde han sundagsmorgon.
Me jentene måtte vente til ein gut spurde om me ville danse, me kunne ikkje spørje sjølve, heller ikkje danse to jenter i hop. Då var det makelaust å ha Agnar syskenbån som kavaler, ofte redninga ein laurdagskveld. Snill gut, alltid snill.
Det vart anleggsliv, karriere som slusk, pengar å tene. Jobbe for Gunnar Sending i tunnel og på dam. Heimatt i helga. Ut på dans.
Song og fest, du vart litt lei av all synging. Familien var songglade, det traut alli. Syskenbån Sivert og Jens spesial : «Ein sognamann og einforherda halling, kom eingong opp i handel om ein hest. Fyrst gjekk det dram i dram med song og tralling, for båe tenkte: Eg skal tola mest».
Ein kveld vart det endring :
- «Så tregaleg at Jens gløymde å taka med gitaren i kveld,» sa du, og la til - «heldigvis»!
Jens lo, alle lo og min Agnar var kjempefornøgd, han syntest også det vart for mykje synging,- «de held då på i eitt».
Replikkunstnaren synte seg gong på gong, som då min Agnar skulle eit ærend og Nykosen skulle sitje på. Bilen vår var vaska, polert og nystelt, passasjeren vart ståande og glo utan å setje seg inn, så kom det : «Jøssunam, må ein pusse tennan’ før ein set seg inn hera.»
Ei anna vende gjorde Agnar min seg litt vrien, responsen kom kjapt: «Hopp i Ormetjønn.»
Snunad som lærar, yrkesskulelærar, nordpå. Tenkjer nok du var ein artig formidlar med gode, allsidige kunnskaper.
Så kom Sigrid, og så fekk me ungar, heilt parallelt: Torill og Ingjerd i 1968, Sigrun og Åsne i 1970, så Olve og tilslutt Knut og Tone Brynhild i 1978.
På Nykos var plass til heile hurven, gjestmilde, rause sjavfolk, våre ungar møtte vennleg varme, var alltid velkomne.
Mange glade minne, sist frå jobb på NEMEK i hop med «det tredje esset».
Dei var 3 ess, Agnar Nykos, Agnar Øygarden og Agnar Romtveit, no berre eitt ess att.
Motorsykkelen borte, bil og sertifikat borte, men ut på vegen likevel, då på trehjulssykkel! Klart du måtte passe på at arbeidet ute i Kostveit-vegskilet gjekk bra, sykkeltur att og fram, vegalangs mest kvar dag.
No er livsvegen til endes, sykkelen står.
Eit godt ettermæle har til alle tider vore viktig. Du har det beste, det gjevast:
- snål, trygg, god ektemann, far, bestefar, venn og makelaust syskenbån, tusen, tusen takk!
Anne-Marie og Agnar med familie