Ragnvald Skjerdal

Minneord - Ragnvald Skjerdal

Me som var så heldige å få Ragnvald som kollega, veit kva ein tvers gjennom heiderleg og god kollega er. Han var dyktig, lojal, morosam og kreativ, ein NRK-er i ordets beste forstand.

Ragnvald Skjerdal var utdanna programingeniør i NRK, og blei etter kvart også programsekretær. Han kom til Telemark frå NRK i Oslo i 1975.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Ragnvald var det ikkje utkantar i Telemark, eller i resten av landet for den saka si skuld. Han kvidde seg ikkje for å dra med den tunge NRK-lydbussen til Austbygdi i Tinn eller Haukeli i Vinje på glatte vintervegar. Om det var grendekveld eller kappleik, musikkskulekonsert eller spelemannstreff spela inga rolle. Jobb var jobb. Kor mange tonn kabeltromlar, stativ- og mikrofonkasser han bar i sitt liv er det ingen som veit, men eg var med på ein del av turane og veit at det var uhorvelige mengder. Alle var glade for å få Ragnvald på besøk med opptaksbussen, han kjende folk over alt og hadde ei roleg trygg framferd som gjorde at folk gav sitt beste. I mange år fekk musikkmiljøet i Telemark ein port inn til NRKs sendeflater lokalt og på riks. Det er dekning for å seie at Ragnvald var med på å bygge landet gjennom si gjerning i NRK. Han inviterte unge musikalske talent til studio på Borgeåsen. Dei fekk spela inn musikken sin i eit proft studio med ein lydteknikar som trylla fram dei beste versjonane gjennom å klyppe og lime til han var nøgd. Han gjorde alt for at både unge og gamle skulle framstå som den beste versjonen av seg sjølv. Sjølv hugsar eg særleg godt Herrefossteppet i lydbussen. Meisterspelemannnen Bjarne Herrefoss trollbatt ofte publikum, men det som var litt vanskeleg var at når han spela seg opp i turtall, så trampa han så vilt i golvet at mange opptak blei øydelagde. Men Skjerdal visste råd. Han fekk tak i eit par kvadrat av det mest flossa golvteppet du kunne tenkje deg. Kvar gong Bjarne skulle spela, smatt Skjerdal kjapt inn på scena og la flosseteppet under stolen. Det er noko av forklaringa på at det er så mange gode Herrefossopptak i arkiva til NRK.

Me har berre gode minne frå tida med Ragnvald. Kollega Thor Øistein Eriksen minnest Ragnvald som ein kollega som alltid var open og positiv til nye idear. Det visa han blant anna då dei to, Skjerdal og Eriksen, laga høyrespelet Televiklinger. Ragnvald var også tidleg ute med å både vera lydteknikar og journalist. Intervjuobjekta skjønna at Ragnvald var ein kar å stole på, ein som ville alle vel.

Ragnvald hadde med seg både arbeids- og danseglede frå heimstaden Aurland i Sogn.

Skulle me ha noko å klage på, måtte det vera at Ragnvald trådde heim. Han var sjeldan med på jobbfestar, og når me var på reiseveker, drog han gjerne heim om kvelden til og med når me var på favoritthotellet i Morgedal. Ragnvald ville heller heim til si eventyrprinsesse Anne og familien. Skjerdal var ein gørrgod dansar, men det var sjeldan han gav oss den æra. Han hadde den beste dansaren heime. Han og kona treftes nemleg gjennom dansen i Bygdeungdomslaget i Oslo, og den dansen varde livet ut for Ragnvald.

Me lyser fred over dei gode minna om Ragnvald Skjerdal.

Thor Øistein Eriksen og Anne Lognvik