Truman B. Carlson (1926–2023).

Minneord om Truman B. Carlson (1926–2023)

Like før påske fekk eg brev frå Morris i Minnesota med melding om at Truman B. Carlson var død. Han var 96 år. Det siste eg høyrde frå han var eit langt brev han sende til meg ved juletider. Truman rekna seg som både vesttele og amerikanar. Han var aktiv i det amerikanske «Telelaget». Fleire gonger skaffa han stoff og bilete til Telesoga, som utruleg nok, enno kjem ut, på engelsk, i Minnesota. Truman var over 60 år då han reiste til Kviteseid første gangen. Det gjorde eit kraftig inntrykk på han. I sitt lange liv var han berre eit par gonger i Noreg, men han var for alltid knytt til Vest-Telemark.

I Minnesota og Iowa tok han del i slektsstemne for etterkomarar av Rui-familien som utvandra frå Kilen i Kviteseid. Mari og Karl Fransson Rui (1816–1896), som ifylge Kviteseid Bygdesoge, utvandra frå Kilen i 1851, var oldeforeldre til Truman. Med seg på ferda over hadde dei seks barn. Yngstemannen i fylgjet var Karl, som då berre var to år. Han blei seinare bestefar til Truman. Denne Carl Carlson Rue (1849–1925), gift med Thea (1852–1934), blei bønder på Highland Prairie i det søraustlege hjørnet av Minnesota. Carl droppa etter kvart Rui- namnet og kalla seg berre for Carl Carlson. Han og Thea fekk ein son som dei gav det meir amerikansk-klingande namnet, Clarence Edward (1893–1955). Clarence og Anna var foreldre til Truman.

Artikkelen held fram under annonsen.

Truman vaks opp i Norway township i Fillmore County. Han gjekk på skule, saman med ein god del andre norsk-amerikanske barn, i den vesle byen Rushford. Etter ferdig konfirmasjon og skulegang der, melde han seg til militærteneste og deltok i Stillehavsområdet mot slutten av krigen. Etter krigen tok Truman vidare utdanning ved Concordia College, den norsk-amerikanske høgskolen i Moorhead, Minnesota, der han spesialiserte seg i biologi og idrettsfag. Seinare tok han ein mastergrad i biologi ved Drake University. Han verka som lærar og lektor fleire stader i Minnesota, blant anna i småbyen Lyle (der Flatin-brørne frå Eidsborg tidlegare hadde slått seg ned). Truman busette seg i Morris, Minnesota og fekk fem barn: Jeanne, David, Cathryn, Elizabeth og Richard.

Han gjekk av med pensjon i 1986. I heile sitt vaksne liv var Truman aktiv i den lutherske kyrkja.

Truman var vesttele av natur, legning og arv, om vi kan seie det slik. Han hadde god sans for humor. Han var ein god pedagog og ein god ven. Fleire av tidlegare elevar har skrive minneord om han til gravferda. Mange av desse endar med orda «Hvil i fred», på norsk. Truman og kona, Edna, tok aktivt del i dansarringen «Norskfødt». Dei var med på folkedans og tele-stemner rundt om i Midtvesten. Begge var opptekne av slektsgransking og lokalsoge. Slik hjelpte dei andre med å knytte kontakt med ættledd etter utvandrarar frå Vest-Telemark, slik at fleire fekk høve til kontakt.

Truman er død og eg har mista ein god ven.

Øyvind T. Gulliksen

Bø i Telemark