Minneord om Torstein Einar Tveito
Minneord
Me var mange som møtte fram til gravferda i Lårdal kyrkje fredag 5. september. Det var familie, slekt og vener som ville ta eit siste farvel med Torstein.
Torstein Einar Tveito var født 21. april 1952 og døydde brått 21. august 2025.
Me i Kviteseid hugsar han best frå åri som ordførar i kommunen. Torstein hadde heile tre periodar som ordførar her. Det var i åri 2003 - 2015. Han var ein dyktig leiar.
Det var i den tida det var laga ordførarkjede i Kviteseid. På initiativ frå Kviteseid næringslag fekk gullsmed Eli Taugbøl oppdraget med å lage dette kjedet. Det vart ferdig og høytideleg overrekt til ordførar Tveito på Galleri Bryggja i Kviteseid den 6. juni 2006. Torstein bruka dette kjedet ved forskjellige høve til han gjekk av i 2015.
Sokneprest Nina Kirkerød fortalde om Torstein sitt liv i Lårdal om familien, arbeidsliv og som politikar.
Me takkar Torstein for det han var!
Kvil i fred!
Arvid Syftestad