Minneord om Ottar Olav Lid
Minneord
Eit trist bodskap, om at ein av mine beste vener har gått bort. Du vart råka av ein grufull sjukdom som du sleit med i fleire år.
Eg tenkjer mykje på alle turane me hadde saman – både skiturar, familieturar og fisketurar. Du og familien tok oss med på fisketur til Bordalen, ein tur me vil hugse i lang tid.
Me hadde mange slike turar saman. Både du og Helga var glade i å fiske og gå tur, gjerne i fjellet. Mykje kunne vore nemnt, men då ville eg brukt all tilgjengeleg spalteplass i avisa.
Eg trur ikkje eg overdriv når eg kallar deg ein stabukk – ein snill stabukk. Hadde du sett deg eit mål, eller bestemt deg for noko du skulle gjennomføre, så vart det gjort.
Eg hugsar godt då du over ein lengre periode absolutt skulle gå til Oftefjell kvar dag. Ein sein haustdag, etter at du hadde vore på jobb og stått på både natt og dag i ekstremvêr med enorme nedbørsmengder og sterk vind, skulle du til Oftefjell likevel. Gjennomvåt og kald var du, men å gjennomføre var sjølvsagt for deg.
Det er ingen tvil om at du hadde ei heilt spesiell interesse for sport, særleg skiidrett og skiprepping. Du var eit levande leksikon, kombinert med nysgjerrigheit, perfeksjonisme og omtanke. Det var ikkje tilfeldig at du vart fast mannskap hjå kombinertlandslaget.
Dette var noko av Ottar Olav si store lidenskap. Og no, dei siste åra, kan du vere svært stolt over at sonen din, Ståle, med stort hell har teke dette vidare.
Vi har sakna deg i nærmiljøet dei siste åra. Du var ein lokal pådrivar som engasjerte deg og aldri sa nei. Ein aktiv dugnadsperson, full av energi – både for idrettslaget og elles.
Eg kan ikkje lenger sjå etter om det er du som er ute på tur, og du kjem ikkje innom på kaffibesøk i framtida. Me får ikkje fleire turar i lag, og både eg og familien kjem til å sakne deg, Ottar. Men du vil framleis vere med oss i tankane og i alle dei gode minna me har.
Takk for alt. Kvil i fred.
Karel Krog med familie