Minneord om Ottar Olav Lid og innsatsen hans i Høydalsmo Idrottslag
Minneord
Ottar Olav Lid frå Høydalsmo døydde 10. januar i år. Det er alltid eit tap og sorg i eit bygdemiljø når eit menneske der blir borte, men det verkar ekstra sterkt når det er ein person som ein har mange gode og takksame minne om, som Ottar Olav.
Ottar Olav Lid var ein svært sentral klubbmedlem i mange år i Høydalsmo Idrottslag. Som skismørjar i laget, hjelpte Ottar Olav alle som trong det, å smørje skia før treningar og konkurransar. Det gjaldt også mine barn, og slik blei eg kjend med han. Eg såg opp til han som fyrsteklasses fagmann til å få gode ski for alle slags føre, og fordi han ikkje gjorde skilnad på borna om dei var meir eller mindre dyktige på ski. Han la eit grunnlag for at alle skulle lykkast og det fremja ferdigheitar og idrettsgleda til utøvarane. Denne eigenskapen hans med å gjera andre gode, påverka sjølvsagt idrettslaget vårt, og har ført til fellesskap og gode resultat for HIL og medlemmane våre.
Alle vi i klubben vil hugse Ottar Olav som menneske, særdeles god skismørjar og ein bauta i skimiljøet i HIL. Nå er vi glade for at borna hans har ført arven vidare – viser til fleire innslag i VTB – sist om Ståle Moen Lid som er med i det norske smøreteamet under vinter-OL i Italia.
På vegne av Høydalsmo Idrottslag vil eg takke for alt Ottar Olav gav oss i mange år!
Torgrim Otterholt
leiar HIL