
Minneord om Olav og Jon – skiløyparane frå Vinje
Minneord
Det tynnast blant dei tidlegare langrennsveteranane i Vest-Telemark. For ei tid sidan gjekk Olav Teigland bort, og Halvor Øygarden skreiv fine minneord om han i VTB. Den 17. mai gjekk Jon Versto ut av tida.
Både Olav og Jon var knytte til jordbruket og skogen som arbeidsplass og der dei la grunnlaget for idretten sin. Og det var i langrennsporet dei hevda seg best. Olav og Jon var på mange måtar like personar med sin logne og litt beskjedne veremåte. Men i skiløypa var dei noko ulike. Medan Olav flaut på kreftene, hadde Jon ein finslipa teknikk der han på sin spesielle måte glei gjennom sporet utan tilsynelatande spesiell kraftbruk. Båe var i toppen blant dei som gjekk langrenn i Vest-Telemark på denne tida, der Olav nok stakk av med dei beste plasseringane. Elles hugsar eg me hadde mange gode stevnemøte i det hyggelege miljøet som prega langrennsporten i Vest-Telemartk på denne tida.
Båe hadde også andre interesser og var det ein kan kalle «hestekarar». Olav nytta hesten i gardsdrifta og i tevling, medan Jon dreiv med hesten i skogen med tømmerkøyring. Eg hugsar spesielt den gongen Jon kom til oss på Skogskulen i Nissedal for å lære oss om bruk av hesten i skogbruket, som var eitt av dei tema som elevane skulle få praktisk innblikk i.
Både Olav og Jon var kjernekarar på sin måte med sitt stille, men likevel omgjengelege vesen. Men i skisporet vakna tevlingslysta og konkuranseinstinktet til fulle. Me vil minnast båe som gode ambassadører for den tids levemåte med arbeid og idrett som gjekk hand i hand, der arbeidet la grunnlaget for resultata.
Nå er treningsløypene i Vinjemarka borte, men minna om to heiderskarar i tevlingssporet vil leve vidare i takksemd for den idrettsgleda dei gav oss.
Jon Ingebretsen