
Minneord om Oddvar Haugen
Minneord
Det var ei fin gravferd frå Hausken kyrkje på Rennesøy fredag 7. mars. Det var familie og vener som tok farvel med Oddvar Haugen.
Oddvar vart født i Kviteseid 4. juni 1942. Han vart 82 år gammal. Oddvar starta sin yrkeskarriere som bakar og jobba i fleire bakeri i Vest Telemark, Skien og Hønefoss. Oddvar kvalifiserte seg og til å bli konditor.
Oddvar og Marit flytte frå Skien til Seljord i 1977. Året etter flytte dei inn i nytt hus i Bringsås. Oddvar jobba då på Aasmundsen Bakeri i Flatdal. Så vart det ledig ein jobb som lærar i yrkesfag på vidaregåande skule i Seljord. Oddvar vart innstilt, men for å få jobben måtte han ta vidareutdanning. Han studera då på kveldstid Skien og tok eksamen på Handelshøgskulen BI. Oddvar fekk då adjunkt kompetanse.
Han jobba der fram til pensjonsalder.
Personleg vart eg kjent med Oddvar i 2009. Me var båe pensjonistar og lika å gå turar i fjell og hei. Me vart enige om å gå saman. Slik vart det til at på tysdagar kl.10.30 sto Oddvar i tunet her. Oftast gjekk turane inn mot Roholtsfjell eller Ohomnuten. Men me var og på Falkenuten i Rauland. Ein gong var me i Morgedalsheia til den spesielle Paraplysteinen. Då var Kjell Arne Norum med som kjentmann. Oddvar førte statistikk over turane. Eg hugar at me i 2009 gjekk me 25 turar - nokre år etter var me oppe i 42. På vinteren gjekk me ein del på ski. Det er mange gode minne etter alle turane med Oddvar.
Oddvar fekk etterkvart helseproblem. Marit og han flytte derfor til hennes heimplass på Rennesøy og flytta inn i ny leilighet der i 2018. Helsa til Oddvar vart verre og på slutten av året 2019 fekk han fast på Rennesøy Helse- og Omsorgsenter. Her fekk god pleie og omsorg fram til han døydde den 25. februar 2025.
Me takkar Oddvar for det han var. Kvil i fred!
Arvid Syftestad