
Minneord om Knut Flatin (7.7.1945 – 11.2.2025)
«Knut vil leve vidare i kunsten han etterlet seg, og i minnet til dei som kjende han»
Biletkunstnaren Knut Flatin er gått bort, nær 80 år gammal. Sidan Knut i alle år på ulike vis har vore nær knytt til Seljord kunstforeining, ville vi synleggjere vår takksemd og respekt med ei jubileumsutstilling til ære for han til sommaren. Men slik gjekk det ikkje. No blir det i staden ei minneutstilling med ein brei presentasjon av kunstverk frå ulike periodar i kunstnarkarrieren hans.
Knut vaks opp på garden Ramberg, på grensa mellom Kviteseid og Seljord. Knut fortalde gjerne om oppveksten sin på garden. Han mintest bestefaren som var spelemann. Knut var også musikalsk og likte å lytte til felespelet, særleg interessant var den musikalske ornamentikken, krullingane, som hardingfelespelet er så rikt på. Knut lærde seg både klassisk gitar- og felespel, men bildande kunst vart hans uttrykk, likevel er vi er fleire som finn musikk i bileta hans …
Tidleg kom han i lære hjå kunstnaren Terje Grøstad, og i 1964 kom han inn på Statens høstutstilling med ei teikning. Åra 1964 - 1967 studerte han ved Statens kunst- og industriskole; 1967 -1972 ved Kunstakademiet. Deretter fylgde eit studieopphald i Nederland ved Jan van Eyck Akademiet. Seinare var han alltid interessert i å oppleve nye stader og få nye inntrykk.
Dei første åra var kunsten hans figurativ og naturalistisk, men med Halvdan Ljøsne som lærar vart han oppmoda om å prøve seg på eit meir abstrakt uttrykk. Noko som passa Knuts lynne der han kunne omskape sanselege inntrykk til bilde med fargar og form frå naturen.
Det er midt i studieåra sine at Knut blir aktivt med i Seljord kunstforeining, frå stiftinga av i 1968. Det var viktig for han at kunstforeininga skulle syne profesjonell kunst på høgt nivå. Med all respekt for flinke amatørar og vakre bygdeutstillingar, var det å syne samtidskunst noko Knut kjempa for. Han fekk både motstand og drahjelp i den kampen. Han fekk etter kvart ei stor kontaktflate og vart eit viktig medlem i kunstnarisk råd gjennom ei årrekke.
Han vart etter kvart ein landskjend kunstnar, innkjøpt av både Nasjonalgalleriet, Norsk Hydro, Stortinget – for å nemne nokre. Han fekk mange store utsmykkingsoppdrag, deltok på utstillingar på mange ulike stader, så vel separat som kollektivt. Seljord kunstforeining fekk likevel nyte godt av både idear og praktisk hjelp ved den store årlege sommarutstillinga og ved mindre utstillingar. Med sitt rolege og vennlege vesen var det ei glede å samarbeide med han, nyte godt av kunnskapen hans og gjerne også bryne seg på nye tankar. Det blir tomt etter Knut.
Styret for Seljord kunstforeining sender si varmaste medkjensle til dei etterlatne, Anne Brit Borgen, Rønnaug, Tobias og barnebarna.
Knut vil leve vidare i kunsten han etterlet seg, og i minnet til dei som kjende han. Det er ei glede for oss å ynskje alle som sette pris på Knut og kunsten hans, hjarteleg velkomne til Minneutstillinga på Kunstlåven i Seljord sommaren 2025!
For Seljord kunstforeining
Ola Mo (leiar) og Borgny Slettemoen Tøfte (tidlegare leiar)