Minneord om Ingrid Telnes Heggenes

Minneord

Tante Ingrid har for oss tre jentene i Seljord alltid vore nær heilt frå me var små og til ho døydde for nokre veker sidan. Ho var einaste syster til far vår Sigurd og 4 år yngre enn han. Ingrid vart fødd på Firingan 9. mars 1929 og ho fortalde mange gonger at 8. mars subba byttene i snoen ved kveldsstullinga, men i løpet av natta kom ein fønvind og bakken var bar neste morgon. Dette var noko det blei snakka om i grendi som noko eineståande. Det er fint å tenkje på at ei eineståande kvinne blei fødd ei slik natt!

Ingrid voks opp på Firingan, ein plass under Telnes som foreldra Bergit og Jørund bygde opp. Far hennar døydde av tuberkulose i februar 1933. Då han var bare 32 år gamal. Då var Ingrid nesten fire og Sigurd sju og eit halvt. Mora, Bergit, fekk også tuberkulose og var på Glittre sanatorium i eitt år medan Ingrid og Sigurd budde på Telnes hjå besteforeldri. Det var ei vanskeleg tid for den vesle familien på Firingan, men Ingrid sa mange gonger at dei blei tatt vare på på beste måte hjå storfamilien på Telnes, og at dei ikkje kunne ha greidd seg i desse åra utan hjelpa og omtanken dei fekk frå Telnes.

Ingrid hadde eit positivt syn på det meste og var optimist. Ho var uredd og flink til å ordne opp, ein eigenskap som nok kom av at ho fekk tidleg ansvar for å hjelpe til på garden.

Firingan var for oss barndomens rike der me budde heile sommaren og Ingrid var ein viktig og naturleg del av dagane våre der. Me hadde mykje moro saman med Gro og Tor Inge og dvergpuddelen Don. Ingrid fortalde oss litt andre ting enn det pappa gjorde: om dei mange hundane dei hadde hatt, og om Polis-Kalle, svensken som braut opp eit jorde som blei kalla Kallebrøtet, og som ho fekk kvile middag saman med som 5-6-åring. Ho skulle ha sagt til han «Det er nok ikkje mange jentur som ville ligge med deg». Ho fortalde også om læraren som straffa ei skuleveninne som ikkje kunne leksa godt nok med å ta ifrå henne nista. Ingrid skal då ha reist seg opp og delt nista si med veninna og sagt at «han kan ikkje ta ifrå deg maten». Ein skal ha mot, sjølvstende, rettferds-sans og omsorg for å gjera dette. Og Ingrid hadde desse eigenskapane. Ho viste stor omsorg og omtanke for menneska rundt seg.

I mange år budde Ingrid på Notodden der ho og mannen, Åsmund Heggenes arbeidde som lærarar i grunnskulen. I tillegg var dei svært aktive i kristeleg arbeid for born og unge gjennom Noregs kristelege ungdomsforbund. Ingrid leia ei jentegruppe som blei kalla Tårnsvalene sidan dei hadde møta sine i tårnet på Notodden kyrkje. I over 40 år dreiv ho på med dette arbeidet, og reiste kvart år på leir til Knattholmen ved Sandefjord. For dette arbeidet fekk ho Kongens fortenestemedalje.

Då eg gjekk på lærarskulen på Notodden i 1979 til 1982 budde eg på hybel hos Ingrid i Kr.Uppdalsgate. Der vart eg som ein del av familien og hadde mykje hygge med husets folk.

Den siste våren eg gjekk på lærarskulen, skjedde den grufulle ulukka med Tor Inge som omkom i ei trafikkulukke berre 13 og eitt halvt år gamal. Det var eit svært hardt slag for heile familien, og merkte Ingrid for resten av livet.

Men trass i den store sorga, slutta ho aldri å tru på Gud, og at han har omsorg for alle skapningar. Eg veit at ho tok oss med i bønene sine kvar dag. Det siste ho sa til meg då eg snakka med ho i telefonen frå sjukesenga på Notodden, var at ho var glad for forbøn. Det er godt å vita at ho døydde slik som ho levde; trygg i trua på Jesus Kristus.

Me vil takke for alle dei gode minna me har om ei kjær tante: For alle turane på leir på Knattholmen, for alle hyggelege samkomer på Notodden og i Seljord, for at me alltid blei hugsa på til fødselsdagar og sist men ikkje minst for all omsorg for oss, ungane våre og barnebarna våre! Ingrid brydde seg like mykje om alle saman og hugsa på kvar enkelt på ein spesiell måte.

Saknet etter Ingrid er stort for oss alle, men dei gode minna lever vidare.

Bergit, Borghild og Tone Telnes

Powered by Labrador CMS