Minneord om Astrid Midtbø

Minneord

Astrid har vore naboen min i nær 50 år.

Utistog, der eg bur, og Midtbø, der Astrid budde, ligg nær kvarandre i Byrte.

Eg såg når Astrid gjekk i tunet sitt.

Ho såg når eg gjekk i mitt tun.

Ho såg når eg gjekk i fjøset til dyra.

Eg såg når ho gjekk til sine dyr.

Ho såg når eg gjekk til bilen, om eg skulle på skulen, ut på reis eller i bærskog.

Kom eg i grønsakhagen min, som ligg inntil muren mellom gardane, kom ho ut på trammen og ropa:

«Kom av garde då!»

Ofte tok eg ei pause i arbeidet, gjekk gjennom grinda, vaska hendene mine i vasskupa under stabburet på Midtbø og gjekk inn til Astrid.

Der venta ho ved kjøkkenbordet.

Vil du ha te? (sjølvsagt visste ho at eg ikkje drakk kaffi)

Vil du ha brødskive?

Kva slag pålegg vil du ha?

Smøret står i skåpet bak deg.

Tak no då!

Du må eta!

Vil du heller ha vørterøl?

Du finn det sjølv i gangskåpet.

Vil du ha sjokolade eller drops?

Finn det sjølv i kjøleskåpet.

Tak det du vil!

Frys du?

Er det for kaldt her?

Ta no med deg resten av sjokoladen!

Kom snart att då!

Slik var Astrid.

Omsut for andre.

Ho ville andre så vel.

Eg kjem til å sakne Astrid.

Liv Jorunn Utistog

Powered by Labrador CMS