Minneord – Johannes Sollid

Johannes Sollid vart fødd på Skare i Morgedal den 9. august 1934 og døydde i heimen sin i Verdal den 17. desember 2022. Ein dyktig fagmann, ein allsidig interessert kulturperson og ein god venn har stengt den siste døra.

Johannes var odelsgut på garden Skare og dermed den som skulle overta heimegarden. På garden var det ein revefarm og dei dreiv stort med sau.

Artikkelen held fram under annonsen.

Johannes gjekk på landbruksskule og arbeidde ein del på garden, men han hadde og lyst på ei utdanning og eit anna yrke. Det førde nok til ein indre kamp om kva han skulle velge – og han var gardbrukar bare ei kort tid.

Så vart det skulegang, først i Bø og så ingeniørskule i Gøteborg. Johannes hadde slekningar i USA, og han kom dit som representant for 4H. Det førde til vidare utdanning i USA og han vart sivilingeniør. Det var ei utbyggingstid og lett å få arbeid. Eg skal ikkje gå inn på alle stader han jobba, men det var mange stader her i landet og i USA og Canada.

Johannes kom til Verdal då Aker skulle etablere seg der. Han fekk seg ein heim i byggefeltet Brannan saman med Kari frå Vinstra. Dei fekk tre barn, og etter kvart barnebarn og oldebarn. Heim og familie betydde mykje for Johannes. Dei skapte ein gjestfri heim og fekk ein stor vennekrets.

Johannes hadde mange interesser utanom jobben – både kulturelt, historisk og politisk. Han var aktiv i styret for Verdal Folkeakademi og arbeidde spesielt for ta vare på den norske songskatten. Han var aktivt med i arbeidet for å ta vare på «De værdalske befestninger» og var omvisar i festningane. Størst var vel interessa for idrett, særleg skiidrett og orientering.

Johannes og Kari var vertar på skihytta, og dei var med på dei årlege utanlandsturar for orienteringsseniorar. Politisk var han aktiv i Høgre og fora ofte stortingsrepresentantar med politiske argument.

Johannes hadde eit aktivt og spennande liv og det var mange dører som vart opna og stengde:

Gjennom livet er det mange dørar

som skal åpnast og stengast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Først er det mest åpning:

Døra til barndomslandet,

ungdomslandet,

yrkeslandet,

pensjonistlandet.

Alltid inn til nye utsyn

og nye eventyr.

Så kjem tida for å stenge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Foreldre og søsken er borte,

døra til barndomslandet blir stengt.

Ungdomsvenner blir borte,

ungdomslandet blir stengt.

Andre dørar står enno på gløtt,

men roma eg kan gå inn i

blir færre om senn.

Men enno har eg vegar å vandre,

Artikkelen held fram under annonsen.

rom å gå inn i, utsyn og nå

før siste døra skal stengast.

For Johannes er siste døra stengt. Eg sender varme tankar til Kari og familien, takkar Johannes for langt og trufast vennskap og lyser fred over minnet.

Jon Grønlid