Minneord for Kari Moen
Minneord
Torfinn Moen var prest i Fyresdal over fleire år, flytta så til Drangedal for vidare prestegjerning. Han døydde under dykking og kona Kari måtte ta fatt på livet som enke. Torfinn var mitt syskenborn og kontakten med Kari slutta aldri. Ho budde siste åra nær Grimstad og besøka var mange dit.
Til deg i dag gode Kari.«I den himmel som er alles skal vi møtes når vi kalles» er mi trøyst i dag gode Kari.
Eg har vore heldig å hatt deg i livet mitt i mange, mange år. I motgang og i medgang. I stor sorg og i uendeleg glede! Du har vore eit fantastisk menneske å forhalde seg til. Med same fagbakgrunn og spesialisering har vi delt kunnskap, behandling og oppfølging, funne løysingar ingen andre kunne funne på!
Det var heilt naturleg å svinge innom prestegarden i Drangedal på veg heim til mor og far i Treungen. Like godt teke i mot kvar einaste gong. Du hadde kvalitetar som perler på ei snor. Du var så til stades, humoristisk, fann lyspunkter ingen andre såg, lot livet få leve i deg og utanfor deg. Då demenssjukdomen sakte kom innover deg, delte du kva den gjorde med deg og vi kunne også le i fellesskap. Den skapte ingen hindringar mellom oss men heller eit tettare nærvær. Eg har heile livet tenkt: kva skulle Torfinn gjort uten deg? Du med din elskelege sjel Kari, kva skulle han gjort og vi andre rundt deg?
For meg som vart adoptert inn i Moen familien har det å lære seg «å vere stolt» vore ein ting å jobbe med. Glede seg over at andre lykkast og framsnakking var eit tydeleg tema i oppveksten. Det vert borte i mi bygd i tida vi lever i. Eg har det med meg frå oppvekst og barneår.
Nå er eg så uendeleg stolt over å ha kjent deg og gleda over det legg seg mildt og mjukt rundt sorga. Ventesorga tok stor plass.
Det måtte bli september før du la ned vandringa rundt i verden. Då vi tala saman i telefonen torsdag før dagane dine tok slutt, vart vi enige om å møtast i haust. Så det avtalte møtet, Kari, det skjer her og det skjer nå.
Tusen mangfoldige takk.
Inger Moen