Meiningar
Minneord Birger Nygård
Birger Nygård var fødd i november 1942 og døydde i februar 2026, 83 år gamal. Birger vaks opp i Høydalsmo og tok etterkvart landbruksskulen på Foldsæ i Fyresdal. I 1964, då han var 22 år, starta han på landbrukskontoret i Tokke. Gjennom stillinga blei han godt kjent rundt i kommunen. Birger var ein god kollega og ein som hjalp gardbrukarane med å utvikle drifta.
Tidleg på 1970-talet overtok Birger eit gardsbruk i Smørklepp etter onkelen sin. Garden i Smørklepp blei fort den beste plassen på jord for Birger og Sigrid og dei tre barna.
Birger var ein snill og jovial person. Birger likte godt å slå av ein prat med folk, og gjerne fortelje ei historie. Birger hadde alltid eit smil på lur. Sidan Birger i tillegg var samfunnsinteressert var det naturleg at han blei med i politikken. I 1979 blei han vald inn i kommunestyret.
Birger Nygård var ordførar i Tokke kommune gjennom 16 år frå 1990 til 2005. Han representerte Senterpartiet og sat i kommunestyret i over 30 år.
Som politikar var det overordna for Birger å sjå heile Tokke med sine mange grender og bygder. Birger var kunnskapsrik og stod på for Tokke og Vest-Telemark i mange politiske kampar, mellom anna om fordelinga av kraftinntekter. Som ordførar forsøkte han i stor grad å utforme kompromiss, viss det var mogleg.
Birger var oppteken av idrett heile sitt liv. Han var ein solid idrettsmann i sine yngre dagar på friidrettsbanen, i hoppbakken og i langrennssporet. Som vaksen la han ned ein stor innsats i frivilligheita mellom anna som trenar. Han likte også godt å sjå sport på TV, gjerne til langt på natt. Birger var glad i jakt, og var mang ein gong med på ettersøksjakt i regi av viltnemnda.
Birger var særs godt likt blant folk, og brann for utviklinga av bygdene i Vest-Telemark. Han var heidersmedlem i Telemark Senterparti. Vi har mykje å takke Birger Nygård for. Vår djupaste medkjensle til hans ektefelle Sigrid. Vi lyser fred over Birger Nygård sitt minne.
På vegner av Tokke kommunestyre
Jarand Felland
ordførar i Tokke