Men eitt er enkelt…!

Konflikten mellom staten Israel og palestinarane i Israel, Vestbreidda og Gaza, er ei særs innfløkt, og sjølvsagt omstridt konflikt, som i all hovudsak handlar om land. Det finst ikkje enkle løysingar. Ikkje noko svart-kvitt.

Men eitt er enkelt, og som ein må kunne samle seg om, nemleg at krig er av det vonde. Det er menneske det gjeld, og då er det einaste gode, at ein stoppar krigen, slepp til naudhjelp – helse, vatn, mat, husvære i Gaza.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vert ikkje fred med det første, men varig våpenkvile er heilt naudsynt. Og så må ein samtale. Det heiter dialog, mellom dei det gjeld.

Vanskeleg, men vi kan ikkje tru noko anna enn at det er einaste veg. Og det må hevdast sterkt og tydeleg!

Eg er glad for at Den norske kyrkja sine leiarar så tydeleg maktar å seie dette. Under vitjinga Olav Fykse Tveit, preses for biskopane i Den norskekyrkja hadde til søsterkyrkjer i Palestina og Israel i midten av januar, kom han tett på dei som lever med dei katastrofale hendingane som media formidlar til oss kvar dag.

«Det viktigaste av alt no er at denne krigen stansar», sa han i etterkant av vitjinga. Vidare seier han i si uttale gjengjeven på Den norske kyrkja si nettside: «Krigen må ta slutt! Og det må starte med våpenkvile.»

I november 2023 var biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, med på møte i Kyrkjenes Verdsråd (KV) samla i Nigeria, der ho var med å utforme ei liknande uttale, som alle medlemslanda, det vil sei så godt som alle kristne kyrkjer i verda, samla seg om.

Dette burde gi lokale og regionale kyrkjeleiarar frimot til å løfte sine røyster på same vis.

Eg høyrer, og les i m.a. avisa Vårt Land at nokre røyster meiner at Den norske kyrkja og Fykse Tveit, ikkje er tydeleg nok i fordøminga av Hamas sitt groteske åtak på Israel 7. oktober 23, og likeså påstandar om at kyrkja bygger opp om antisemittisme. Det blir m.a. brukt mot Fykse Tveit at han valde å delta på ei solidaritetssamling der «Våpenkvile no!» og «Sett fri sivile gissel!» var blant parolane, og ikkje på ei tilsvarande samling til støtte for Israel.

Vi må oversjå slik kjekling! Det må vere «innafor» å be om/demonstrere for/krevje/rope ut om at krigen i Gaza må stoppe, og humanitær hjelp sleppe til, utan at ein av den grunn blir mistenkt for å vere jødehatar, eller bygge opp om antisemittisme. Kyrkja, og eg, om det skulle interessere nokon, tek kraftig avstand frå antisemittisme. Og åtaket 7. oktober var bestialsk! Men viktigast no er våpenkvile og humanitær hjelp til Gaza!

Artikkelen held fram under annonsen.

PS. Når eg skriv dette, fredag 16.02.24, var det registrert 12 300 drepne barn og 6 400 drepne kvinner. Totalt er 28 775 menneske drepne og 68 552 såra. Krigen har vart i 133 dagar. DS

Oscar Johan Garnes, Vinje