Helsehuset Røntgen, Sandefjord: Her i MR-maskin blei fyrst knea undersøkt. Det var ein tysdag i august. Ein laurdag i november blei også ryggen fotografert.

Marie Gudrun er ikkje billig

Bakfoten til Marie Gudrun var ikkje god. Det hadde han for så vidt ikkje vore på lenge. Smertene ila nedover baksida av låret, kneet og leggen. Då kalenderen viste mars månad blei det såpass ille at smertestillande medisinar måtte til for å få blund på augo nattestid. Tida var inne for å ta grep. Legetime blei bestilt, og ho fekk time hjå ein lege som ho på ingen måte hadde tenkt å prøve å uttale namnet på. Han sa ho måtte ta betennelsesdempande medisinar, og skreiv ut ein kur med tablettar.

– –

Artikkelen held fram under annonsen.

Men Marie Gudrun – ja, ho kunne faktisk ha heitt det – blei ikkje betre. Etter namnet å døme er det mogeleg ho har anar frå Drangedal, utan at me veit det sikkert. Så var det fysioterapeuten sin tur til å behandle vondten. Fram til sommaren hadde pasienten i alt ni behandlingar der bakfoten blei massera. Utan særleg anna resultat enn mellombels lindring.

––

Fysioterapeuten ville gjerne at Marie Gudrun sine plager skulle undersøkjast litt grundigare og bad henne tinge ny legetime. Legen var ein annan enn sist, men med like vanskeleg namn. Han trudde kanskje smertene var av nevrologisk art, og bad ein nevrolog ved sjukehuset vurdere problemet. Nevrologen reagerte med å rekvirere røntgenundersøking både av hofte og bekken ved radiologisk avdeling ved Notodden sjukehus. Bileta, som blei tekne jonsokbel, viste degenerative endringar, fekk ho melding om. Jau, jau. At eit visst forfall hadde sett inn, var ho ikkje ukjent med. Men om plagene varte ved, blei ho oppmoda om å oppsøkje fastlegen att.

––

Beinet var framleis vondt, så ny legetime blei tinga. Denne gongen hadde legen eit namn som det gjekk heilt greitt å uttale. Han ville at knea skulle undersøkjast, og kontakta sjukehuset i Skien. Dei sende tilvisinga vidare til Helsehuset Røntgen i Sandefjord, og ein tysdag i slutten av august tok Marie Gudrun den heller lange reisa frå Vest-Telemark til Vestfold-byen. Ho kom kjapt inn til rommet med maskina, blei lagt på ryggen med knea fastspente i det som mest var å likne med skruestikker. Om maskina heitte MR (magnetisk resonans) eller CT (computertomografi) hadde ikkje vesttelen klart for seg. Det viktigaste for henne var at årsaka til smertene blei funne.

––

Så enkelt var det visstnok ikkje. Marie Gudrun blei kalla inn att til det lokale legekontoret; då til ein ny lege med eit namn ho aldri hadde høyrt før. Ho halta seg inn på venterommet, og der sat – som vanleg – folk som ho sjeldan ser og som var gildt å prate med. Men du verda – der blei ho ropa opp. Ikkje av legen som meldinga ho hadde fått informerte om at ho skulle til konsultasjon hjå, men sjølvaste fastlegen. Fastlegen som ho hadde hatt i fleire år, men aldri hadde treft på i levande live. Nøgd tusla ho etter legen inn på kontoret.

––

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva meinte så den fastaste fastlegen? Jau, han trudde nok at behandling frå ein kiropraktor ville gjera underverk. Kiropraktoren er, ifylgje helsenorge.no, offentleg autorisert helsepersonell, men kostar pasienten atskillege hundrelappar for dei tjue minutta behandlinga varer. Kor mykje det norske helsevesenet må ut med i tillegg, kan ein berre ane. Kiropraktoren nemner noko om nervar i klem, snakkar om noko så gamaldags som isjias, og har god tru på å lykkast med behandlinga. No nærmar Dyrsku’n seg, og Marie Gudrun tenkjer mykje på om foten kjem til å fungere til tråving på Dyrskuplassen. Ho set sin lit til at dei jamlege «knekkingane» vil gjera henne frisk.

––

Sju behandlingstimar seinare er foten framleis like vond. No ville kiropraktoren ha bilete av ryggen, og etter ei tid fekk pasienten innkalling att til undersøking på Helsehuset Røntgen i Sandefjord, som har offentleg avtale med Helse Sør-Øst. Rett nok er eit par vesttelar tungt inne på eigarsida i bedrifta, men like forbaska blei det å kaste bort ein heil dag for desse fillebileta, som ho kalla dei. Og så på ein laurdag! Då tener sikkert dei som arbeider der ganske mykje meir enn på ein annan vekedag, utan at dét bryr henne så veldig mykje. Men det er vanskeleg å unngå å tenkje på kor kostbar denne bakfoten hennar er.

Etter nokre veker fekk kiropraktoren bileta, studerte desse, og kom til at det ikkje var noko alvorleg feil med ryggen, og meir kunne han ikkje hjelpe pasienten sin.

––

No er det tid for årsrekneskap. Kor mange norske helsekroner foten til Marie Gudrun har kosta, sit dei sikkert i Helsedepartementet og reknar på i desse dagar, tenkjer ho. For billig, det er ho ikkje. Og ved overgangen til nytt år er beinet like vondt. Ho får setje sin lit til Tigerbalsam – salva som kjem frå Orientens legekunst og blir, ifylgje snl.no, bruka til å smørje på stive og ømme musklar. Den kostar berre kring 150 kroner krukka.