Årets pensjonist: Mari Seltveit med oldebarn. Bakerst frå venstre er Lilly Seltveit, Theodor Seltveit, Johannes Seltveit Grenaker og Håkon Seltveit Grenaker.

Mari Seltveit årets pensjonist i Tokke

På eldredagen 14. oktober vart den aktive og vel 97 år gamle Mari Seltveit heidra som årets pensjonist.

Det var eldrerådet som hadde kome fram til denne gode kandidaten. Far til Mari, Gunnar Blomhaug f. 1893 kom frå plassen Blomhaug på Seljordsheii og vart gift med Marie Kilen frå Kviteseid f.1888. Dei budde på Blomhaug ei tid, men flutte til plassen Haugestaul der dei budde frå om lag 1924 til rundt 1950, då dei flutte til den gong Mo kommune, og forpakta garden øvre Skafså. Familien hadde 5 born, og tre av borna flutte med familien til Skafså, der desse tre vart gifte og budde seinare. Den unge Mari f. 1925 kom tidleg ut i arbeid etter at dei kom til Skafså, og alt sumaren 1951 tok ho til som kokke for arbeidarar på utbygging av Skafså kraftverk, ved dammen på Djuptjønn, så i 1952/53 som kokke ved bygging av dammen på Urdvatn. I 1956 vart Mari gift med Einar O. Seltveit, og vart då buande på garden Kåsa som Einar eigde i mange år. Familien fekk 4 born. Einar var født i 1919 og dreiv i mange år med anleggsmaskiner.

I 1971 gjorde Mari og Einar eit nytt stort val då dei kjøpte eit hus på Åmdals Verk, der det hadde vore drive forretning frå rundt 1950. I åra 1962 til 1970 var det Samvirkelaget som dreiv, men lagt ned i 1970. Det var husvære i andre høgda, og Mari og Einar kjøpte huset i 1971 og starta opp forretning i 1972, som dei dreiv fram 1.sept. 2003. Einar døydde i 1994 og dei siste åra dreiv Mari, med god hjelp av dottera Marie. Mari som den aktive person ho alltid har vore minnest mykje frå oppveksten på Haugestaul. I 2004 gav ho ut ei eige bok om livet og plassane på Seljordsheii, og i 2015 kom det ei ny bok om vegane og plassane. Med desse bøkane fekk og Mari ein del god hjelp av borna med å skrive av manuskriftet. I ei av bøkane nemner Mari om Haugestaul at der var det godt å bu. Ho skreiv og litt om at ein lærde seg nøysemd, men me mangla ingen ting. Dette seier og litt om Mari som opp gjennom åra alltid har hatt godt humør og pågangsmot, og det har ho også i dag. For omlag tre år sidan flutte ho ned til aldersbustad på Dalen. I den tida ho budde på Verket var ho i mange år aktiv med i pensjonistlaget der oppe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gratulerar Mari med velfortjent påskjønning.

M.