Svar frå Vinje-ordføraren til arbeiderpartilaga i Vest-Telemark: LVK – ein open organisasjon?

Eg visar til innlegget frå alle arbeiderpartilaga i Vest-Telemark i VTB fredag 29. mai. Det einaste spørsmålet dei stiller er i den retoriske overskrifta. Eg stiller spørsmål som ikkje er retoriske. Kanskje arbeiderpartilaga vågar å svare på dei, i staden for å omgå kjernen i saka?

Dei skriv at LVK er ein viktig organisasjon. Det er ingen som er usamd i det. Eg har sagt gang på gang at eg meiner LVK er ein viktig organisasjon, eg ynskjer at Vinje kommune skal vere medlem, og eg har eit høgt ynskje om at eg tek feil i denne saka. Likevel stemte eg i formannskapet for ei medlemspause i ein lukka organisasjon, og eg kjem truleg til å gjere det same i kommunestyremøtet i juni. Det handlar om å ikkje akseptere skjult bruk av offentlege pengar uansett kor viktig ein organisasjon er.

Artikkelen held fram under annonsen.

LVK overfører kvar månad om lag 1 million kroner til eit advokatfirma. Alle desse 10 – 14 millionane er reine kommunale kroner. Dette er ein kommuneorganisasjon. Kva produserer advokatfirmaet for kr. 1 mill pr. månad? Det får vi som medlemmar ikkje innsyn i. Kvifor ikkje?

I 2019 sa LVK at dei ville auke medlemsavgifta fordi dei ville auke aktiviteten. Kommunestyret i Vinje var negativ til det, og spørsmålet var om ein kunne sjå på pengebruken. Kan vi sjå på korleis vi brukar kr 15 millionar no før ein aukar det kommunale bidraget til 17 millionar? Eg trur alle kommunar ville gjort det i alle selskap, IKS og organisasjonar dei er med i, inklusiv pengebruk i sin eigen kommune. Kan vi sjå på korleis vi brukar pengane før vi legg meir på. Nei, det skal vi ikkje - sa landsmøte. Problemet og poenget er at det er ikkje mogleg å ha ein vanleg diskusjon på eit landsmøte om pengebruken, når ikkje medlemmane får vite korleis pengane blir brukt. Medlemskommunane blir fråteke høve til å drøfte det. Kvifor det? Det einaste vi får sjå er budsjett og rekneskap der det er ei line som heiter noko sånt som «andre utgifter kr. 12 millionar».

Kvifor får ikkje eg som ordførar i ein kommune som betalar kr. 700.000,- pr. år til LVK innsyn i korleis pengane blir brukt? Kvifor får ikkje ordføraren i Tokke som er medlem i landstyret i LVK innsyn i fakturaer og bilag til rekneskapen når han ber om det?

I kva anna samanheng hadde eit kommunestyre akseptert at dei ikkje får vite korleis 17 millionar kommunale kroner blir brukt? Arbeiderpartilaga skriv at denne kritikken er skadeleg for organisasjonen. Denne kritikken hadde ikkje eksistert om LVK hadde gjeve innsyn i pengebruken. Er det då medlemmane som skal hengast for at det kjem kritikk? Eller er det grunnlag for å kritisere LVK?

Etter at formannnskapet i Vinje vedtok å ta ei medlemspause i LVK, inviterte LVK seg til kommunestyret i Vinje i mai. Leiar og nestleiar i LVK sitt landsstyre gjorde greie for sitt syn – som er om lag det same som arbeiderpartilaga skriv i VTB. På direkte spørsmål frå underteikna om vi kunne få innsyn i fakturaer frå advokatfirmaet, svara LVK «ja» til kommunestyret. Det var berre å kome til Oslo, så kunne vi få innsyn i alle dei fakturaer vi ville. Dette kan alle sjå på web-tv på heimesida til Vinje kommune. Kva skjer så når vi forsøkjer å ta dei på alvor? Underteikna sendte skriftleg melding til leiaren i LVK der det blei vist til kommunestyremøtet og at ordførar i Tokke og landsstyremedlem Jarand Felland og ordførar i Vinje ville reise inn til Oslo 5. juni for å sjå på fakturaene for 2018. No kunne min kritikk stilna. Det skriftlege svaret eg fekk frå leiaren i LVK var at vi fekk ikkje kome til Oslo 5. juni for å få innsyn. Mitt spørsmål var av prinsipiell karakter, og måtte handsamasat av landsstyret – var svaret. Så det LVK sa til kommunestyret i Vinje var ikkje rett. Samstundes som vi veit at ordførar i Tokke tidlegare har bede LVK om innsyn i fakturaen for januar 2018 – eit spørsmål som landstyret handsama og nekta han innsyn i.

Meiner arbeiderpartilaga i Vest-Telemark at dette er greitt? Kan arbeiderpartilaga nemne kva andre selskap eller organisasjonar Arbeiderpartiet meiner det skal vere hemmeleg bruk av kommunale pengar?

Jon Rikard Kleven,

ordførar i Vinje

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Slik manglande openheit høyrer ikkje heime i 2020