Lårdalsåi – tid for å tenkje nytt?

Ein av desse varme augustdagane tok eg ein veg eg aldri har fare i Lårdal – opp frå Triset langs Lårdalsåi til Nydammen og vidare til Skjelbreid. Rik, men ikkje så særmerkt flora, bortsett frå ein sandbakke med dusinvis av stanksopp eg gjekk heller fort forbi. Opp mot Nydammen kom eg inn i eit uventa vakkert landskap med gamal edellauvskog og åsus. Det unike var at dette låg løynd midt i bygda. Ei bygd med mange turstigar – og så ligg denne perla der nesten uframkomeleg.

Eg har ikkje engasjert meg stort i utbyggingssaka, men her var då rom for mellomløysingar? Ein natur- og kulturstig for bygdefolk og ein siste badeetappe for dei mange sveitte eg hadde sett gå asfalten etter Lårdalsstigen? Å revurdere vassføringa etter reguleringa, iallfall i sommarsesongen, måtte vera mogleg? Åi var ganske lita den dagen eg gjekk der, og likevel var det storfelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg tok til å lese konsesjonspapira, og merka meg dei skiftande tala for minimums vassføring – frå 40 til 80 l/sekund. Kva no det tydde – eg sakna ei animering. I det heile virka papira gamle. Biomangfaldrapporten var grei, men skriven i ei anna tid. Vi har hatt ein vindkraftstrid som uunngåeleg òg spelar over på vasskrafta. Liksom ingen utbyggar eller grunneigar lenger kan påføre folk ein mølledur, kan dei knapt «gjeva bekken kvilebod» – utan god grunn. Sakshandsaming av vasskraft er grundig og demokratisk – oppnådd etter tiår med strid. Vasskraft gjev kjærkomne inntekter for kommune og grunneigar, men kva får folk flest att for det?

Eg las meg òg opp på Facebook-sida om Lårdalsåi. Mykje engasjement, men lite drøfting for og i mot. Det «grøne skiftet» treng fornybar kraft – men ikkje herifrå. Litt historie trengst. Åi er slett ikkje «urørt natur». Fleire fall blei bygd ut på 1900-talet, og ho renn fordi verksemdene ho gav kraft til fallerte. Lårdals heller triste industrihistorie er godt dokumentert på museet i Eidsborg. Kva så med den nye utbygginga, gjev ho kraft til arbeidsplassar? Verken for- eller mot sida ser ut til å argumentere med det. Ein natur- og kulturstig som viser fortida og ei ny utbygging som gjev grøn utvikling i bygda i dag – det ville vera noko! Vernesida er (som eg) imponert over landskapet. At det ligg midt i bygda, gjev ekstra verdi – men kva med verdiskaping? At Lårdal kan skilte med sjeldne insekt er god grunn til vern, men den mest truga populasjonen i bygda - skuleborn – treng òg tiltak. Har vernesida utgreidd alternativet med frivillig vern og kompensasjon til grunneigarane? Å øyremerke krafta til lokal næringsutvikling er visst i strid med EØS, men kva med kraftinntektene?

Ei anna unemnd sak er åi som vasskjelde i landbruket, som i dag er til ekstensivt beite. Potensialet for frukt- og grønsaker er ofte nemnd, men ikkje i konkrete vendingar. I Hardanger ville ei tilsvarande bygd hatt bakkane fulle av frukt. Kring 1920 var diktaren Ivar Mortenson Egnund – då sokneprest i Fyresdal – på vitjing. Han vart så imponert over klimaet og kanskje aprikostreet i prestegarden, at han såg for seg å strekkje eit glastak over heile nedre Lårdal. Sikkert er det at frukt- og grønsaker krev godt med vatn. Om nokon hadde planta eit større felt i tørrvåren 2020, måtte åi vore berginga?

I det heile må båe sider setje i sentrum korleis vern eller utbygging av Lårdalsåi kan gje utbygging av Lårdal. Kvar er kommunen? Det er tillyst eit seminar om Lårdalsåi helga 4.-6. september. Fint – men med synfaring der som siste punkt på programmet! Kvifor ikkje først, når det er hovudsaka – og kvifor blir ikkje seminaret halde på Grendehuset i bygda der dei som det vedkjem mest bur?

Åsmund Bjørnstad

1430 Ås/Solstad, Lårdal