La villreinen på Hardangervidda få fred i vinter!

«Felles tilråding om kampen mot skrantesjuke» er overskrifta på ei sak om villrein. Det vil seie at Mattilsynet og Miljødirektoratet samlar seg bak ei felles anbefaling om kampen mot skrantesjuke.

Dei uttalar at «Smittsom skrantesjuke har plaget reinflokkene på Hardangervidda de siste årene». Dette seier dei trass i at det i seinare år bare er registrert to dyr med teikn på skrantesjuke, det eine er ei simle. Dette er sjølvsagt to for mykje. Samtidig blir det frå anna fagleg og forvaltningsmessig hald og frå lokale villreinkjennarar lagt fram dokumenterte argument og synspunkt på kvifor ein ikkje må slakte ned store deler av villreinstamma på Hardangervidda gjennom jakt og ekstraordinært uttak i vinter. Mattilsynet og Miljødirektoratet foreslår nemleg ei slik nedslakting, spesielt av bukk eldre enn 2,5 år. Forslaget kjem altså på grunnlag av at det blei konstatert sannsyneleg CWD (skrantesjuke) hjå ei reinsimle på Vidda gjennom ei blodprøve for nokre år sidan. Under haustens jakt blei eitt dyr til tatt ut prøver frå som indikerte skrantesjuke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein viss kunnskap og erfaring i Mattilsynet eignar seg uansett ikkje å praktisere når det gjeld forvaltning av naturens ville fauna, herunder spesielt villrein. Eg trudde i det minste at Mattilsynet var opptekne av å rette seg etter dyrevelferdslova, noko dei tydelegvis ikkje gjer når dei går inn for storstila vinterjakt (les: slakting), eventuelt med snøskuter og helikopter og med det redusere villreinstamma på Hardangervidda i betydeleg grad. Å unngå stor og uheldig forstyrring av fostringsflokkar med simler, ungdyr og kalv blir sjølvsagt svært vanskeleg. Summen av alt dette er regelrett dyrplageri og er på etisk og moralsk grunnlag heilt forkasteleg. Og dette på ei årstid som er flaskehalsen for villreinens overleving. Dessutan er kunnskapen om dei ulike variantane av CWD alt for liten til å gå til slike drastiske handlingar. Dette kan føre til ubalanse i heile økosystemet på Hardangervidda, der spesielt villreinen er ein viktig faktor.

La villreinen på Hardangervidda få fred i vinter!

Jon Ingebretsen

tidl. villreinoppsyn på Hardangervidda (før SNO), naturrettleiar og villreinvenn