Pennen frå London

Kva skal til for at eg flyttar heim att?

I løpet av dei snart 12 åra eg har budd utanfor Vest-Telemark, fyrst i Bø, så Glasgow og no London, har eg etter kvart blitt godt vand med å bli spurt, spesielt når eg er heime, om eg planlegg å flytte heim att.

Trass i å ha fått spørsmålet ofte, har eg aldri via særleg med tid til å reflektere over kva som faktisk er svaret, og heller nøgd meg med ei rekke vage, uforpliktande responsar. Men, gjennom arbeidet med folkevandringsprosjektet, der eg har spurt fleire titals personar om kva som må til for at dei flyttar attende til Vest-Telemark, har eg byrja å kjenne meg som ein stadig veksande elefant i eit tilsvarande krympande rom. Spørsmålet har etter kvart blitt umogleg å styre unna; kva må til for at eg skal flytte heim og gjera meg til vinbyggje på permanent basis att?

Objektivt sett er det fleire gode argument for å flytte heim; det er nærare familien, natur og moglegheiter for friluftsliv i fleng, uhorveleg god plass, lågare leve- og bukostnadar (spesielt om ein justerer etter inntektsnivå) og ein har trygge rammer og oppvekstvilkår i verdsklasse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spesielt naturen og plassen er forlokkande, om enn ein klisjé. Før eg flytta ut tok eg nok naturen fullstendig for gitt, og det var ikkje før eg byrja å vise fram bilde frå Vinje til mine britiske vener, med spørsmål om dei kan koma på besøk ein gong som den vanlegaste reaksjonen, at eg skjønna kor usannsynleg fine rammer eg hadde i oppveksten. Ettersom eg har budd lenge i by har kjærleiken for naturen heime berre blitt sterkare, og no har eg som fast tradisjon å setje meg ut i hagen å nyte synet av Vinjevatn og Ormeggine som det fyrste eg gjer når eg kjem heim – ofte pretensiøst akkompagnert av den einaste (usedvanleg svakt med tanke på at eg hadde sommarjobb på Vinjestoga ein gong i tida) A. O. Vinje lina eg kan utanåt; «no ser eg atter slike fjell og dalar», svirrande i hovudet.

Vinjevatn og Ormeggine: Utsikt det er vanskeleg å argumentere mot.

Eitt av dei vanlegaste svara eg har fått når eg har spurd folk kva som må til for at dei flyttar heim er jobbmoglegheiter. Det var, inntil relativt nyleg, også det eg trudde var den viktigaste faktoren for å gjera det aktuelt å flytte heim. Men, ettersom eg dei siste månadane har hatt full jobb, med arbeidskvardagen djupt forankra i Vest-Telemark og arbeidsgjevar i Kviteseid, og likevel ikkje er noko nærare no å koma heim på permanent basis enn eg har vore tidlegare, er det beviseleg ikkje jobb som er den avgjerande faktoren likevel.

Så kva er det då?

I løpet av dei siste månadane har eg dekt fleire politiske møte der tilflytting har vore diskutert, korleis kommunane kan synleggjera seg sjølv og kva tiltak dei kan gjera for å lokke fleire unge til kommunen. Det er mykje som har blitt føreslått i desse diskusjonane som heilt sikkert vil vera med på å styrke attraktiviteten til kommunane, men spesielt ein ting har skild seg ut. Under kommunestyremøtet i Vinje i februar, etter at ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) hadde sett målsetjinga om å auke folketalet med 200 personar i løpet av dei neste seks åra, tok Halvor Lognvik (Frp) til orde for at det viktigaste tiltaket kommunen kunne gjera for å nå dette var å sikre fleire møteplassar. Det trur eg han har mykje rett i, i alle fall for min del. Noko av det eg likar absolutt best med å bu i London er kor tilgjengeleg alt er her, det spelar ingen rolle om ein vil på pub, konsert, stand-up show, teater eller fotballkamp, alt er maksimalt ein halvtimes undergrunnstur unna og ofte også i gangavstand. Sjølvsagt kan ein ikkje forvente eit like godt aktivitetstilbod i ein distriktskommune med snaue 4 000 innbyggjarar som i ein by med 8 millionar menneske, men eg er heilt sikker på at det er meir å gå på enn det som er tilfelle, og eg trur ein hadde kome langt, det hadde ein i alle fall for min del, med eit par nye aktivitetstilbod og møtestader som er opne kvar dag.

Eit alternativ til å etablere nye aktivitetstilbod ville også vore å korta ned reisetida til stader som har eit breiare tilbod. I og med den totale mangelen på jernbaneliner i regionen har ein ikkje stort anna val enn å leggje i veg, anten i buss eller bil, på E134. Med tanke på dei store avstandane det er snakk om, betyr dette at ein sjeldan (i alle fall frå Vinje), tek seg ein spontan tur til byen for å reise på restaurant, museum eller fotballkamp. Då eg aldri har vore nokon racer til å planlegge, er høva eg har til å gjere slike ting spontant noko eg verdset høgt. Løysinga på denne utfordringa er i mine augo like enkel som den er kostbar; høgfartsbane. Sjølvsagt er ikkje dette noko kommunane kan gjera noko med på eiga hand, men eg trur dei kunne gjort seg langt meir attraktive som tilflyttingsdestinasjon om dei kunne reklamert med ein times reisetid til Oslo og Bergen. Men, ettersom lyntogdebatten har lege brakk i ein del år no, verkar dette meir som ein draum enn eit realistisk prospekt, og eg er viljug til å kompromittere kravet om fart så lenge eg får tog. Berre det å sleppe å vera avhengig av vegferdsel (eg er ikkje særleg glad i å køyre bil og har bein i lengste laget for lange bussturar) ville gjort det langt meir attraktivt for meg å flytte heim.

Sjølvsagt er det ikkje berre faktorane eg har nemnd her som spelar inn i spørsmålet om kvar ein vil bu, og ein kan både ha partnar og ungar å ta omsyn til. Det er også verdt å seie at det blir gjort utruleg mykje godt arbeid, både politisk og av innbyggjarar elles, for å styrke attraktiviteten til kommunane i dag. Men, etter å ha budd i by i fleire år, har eg blitt godt vane med, på grensa til grådig, å kunne gjera det eg vil, når eg vil (med unntak av det siste året).

Naturen er som nemnd særs forlokkande, men fram til det anten dukkar opp fleire samlingspunkt og/eller skinnelagt transport til og frå Vest-Telemark, kjem eg nok diverre til å halde fram med å svare vagt og uforpliktande på spørsmål om eg flyttar heim snart.