«I mi tid, grodd opp på ei bygd i Vest-Telemark var det ingen som spurde om formelle kvalifikasjonar.»

Ein seier at samfunnet er blitt så komplisert. Javel, men eit samfunn vert ikkje meir komplisert enn det ein gjer det til.

Eg har vondt av ungdommen i dag. Ein vert målt på kva slags kompetanse du har, kva slags kvalifikasjonar du har. Ingen spør om kva du kan eller kven du er eller kva slags eigenskapar du har som individ. Nei, lat oss sjå på dine formelle papir eller dokument lenge før ein ser på personen sjølv. I mi tid, grodd opp på ei bygd i Vest-Telemark var det ingen som spurde om formelle kvalifikasjonar. Nei, dei spurde om: «Kva kan du?» «Ok, deg har me bruk for.»

Kompetsansekrav kan drepa, fysisk og psykologisk. Kvifor? Fordi ein blir ALDRI GOD NOK!

Artikkelen held fram under annonsen.

Det å stadig høyra: Du ikkje er god nok går ut over både personleg integritet, framtidhåp og trua på seg sjølv. Det bryt deg ned som menneskje. Eit viktig prinsipp i all form for læring er at det må vera samsvar mellom FORVENTNING og FORUTSETNING for individet. Dvs læring på individets premiss og ikkje statens.

Eg har vel ikkje høyrd ein politikar som talar om mangfaldssamfunnet der det også er fokus på personleg kreativitet, eigenskapar UTANFOR rammene av kvalifikasjonskrav i arbeidslivet. Alle ropar på KOMPETANSE KOMPETANSE. Høgresida er særs opptekne av dette. Det går ikkje ein dag utan å høyre ordet KOMPETANSE. Som ei kakafonisk tom frase utan meining.

Når familieministeren talar om meir KOMPETANSE for å handtere kriminaliteten blant barn og unge. Ja, han talar om mastergradsutdanning for å handtere dette. Då får eg ei kjensle av begrepet «psykolog» Dei som studerer det vi alle andre veit, altså det som så ofte handlar om sunn fornuft.

Trur verkeleg politikarar at alle typer av sammfunnets utfordringar kan løysas med meir komptanse eller fleire mastergrader eller bachelorgrader? Då skjønar eg at samfunnet er der me er. Verken kompetanse eller mastergrader isolert sett, kan løyse alle utfordringar. Personleg eigenskapar, kreativitet og evne til å lytte og fostå, lærer ein ikkje gjennom akademia. Gjennom mange år som terapeut i psykiatrien veit eg at den som evner å skape håp, bygge bruer, lytte å gjennom den gode tillitsfulle samtalen er alltid den virksomme delen av terapien Eg seier ikkje at det ikkje er viktig med relevant utdanning, men det er ikkje det i seg sjølv som fremmer god helse for pasientane våre. Det er og blir gode personlege eigenskapar og relasjonnelle kvalifikasjonar hos terapeuten.

Attende til familieministeren.

Vi veit kva som skal til for å forebygge barne og ungdomskriminalitet. Ein treng ikkje vera professor til dette. På 80-talet vart eit av skuleskipa nytta til seilas for vanskelegstilde ungdomar med godt resultat. Eit opplegg med grenser, tillit og ansvar gjennom 3 mnd. Dersom ein verkeleg vil, fins det mange gode idear rundt dette, men slikt blir ofte øydelagt av akademiske flosklar. Det å bli sett for den du er utan stigma, for den du er. Det å sjå etter eigenskapar i individet og utvikle det i eit godt miljøtiltak er særs viktig. Til dette trengs ikkje mastergrader eller formalkompetanse, men menneskje som evner å forstå, sjå og lytte og har kreative og relasjonelle eigeskapar. At dette arbeidet i byane våre vert nedprioritert til fordel for symbolpolitikk, konsulenthonorar eller andre ting som politikarane synes er viktigare. Likavel skrik dei opp når barn og ungdommar begår kriminalitet og ropar på TILTAK. Ja visseleg eit paradoks.

Svein Torgeir Dale

Klinisk Sosionom

Artikkelen held fram under annonsen.