Halvor Lognvik. Arkivfoto frå kommunalt møte.

Kompetanseheving – keiserens nye klær?

Som næringsdrivande gjennom størstedelen av mitt vaksne liv, og i ein periode i ungdomstida, som ledar av ei ingeniørbedrift i oljebonanzaen i Stavanger fekk eg eit forhold til kompetanse på alt av medarbeidere.

Min erfaring og konklusjon var: Vil du ha stabile ansatte med stor vilje til å yte for arbeidsgjevar – anset folk med tilstrekkeleg kompetanse for å utføre jobben – ikkje meir.

Artikkelen held fram under annonsen.

Poenget er at folk som har akkurat nødvendig kompetanse – har ikkje all verden maugleghetar til å søke seg over i andre og «finare» jobbar. Men tvert imot er kreative og interesserte i å yte for å trygge egen eksistens.

Slike folk blir dyktige medarbeidere – stabile og heile tida ivrige på utvikle seg i jobben dei har for den gir eit godt liv og brød på bordet.

Så har me ein ny trend i samfunnet, spesielt innafor offentleg virksomhet; kompetanseheving.

Er det nokon som stiller spørsmålet

1. Treng me denne kompetansehevinga for at folk skal fortsette i jobben sin? Vil kompetansehevinga gi stort utbytte til mottakar?

2. Kva består kompetansehevinga i?

3. Kven skal undervise deg , og kva kompetanse eller livserfaring har læraren(ane)?

4. Vil kompetansehevinga medføre at vedkomande vil søke seg vekk?

Artikkelen held fram under annonsen.

Mitt stalltips er at kompetanseheving er ganske meiningslaus og mot sin hensikt. Ingen stiller spørsmål ved resultatet av kompetansehevinga både økonomisk og praktisk.

Vurder kost/nytte på alle slike stunt – dropp det meste av kompetansehevinga. Det meste er keiserens nye klær. Sats heller på å auke både status og lønn på ytarane som møter på og er glad i jobben sin.

Samtidig er det viktig å vurdere ungdom under utdanning som må låne for å koma gjennom og samtidig bør etablere seg med familie hus etc . Slik våre politikarar legg opp framtida for dei unge produktive, avfolkar me sakte, men sikkert nasjonen. Så her bør snart nokon med makt seta seg og tenke.

Halvor Lognvik