Meiningar

Kommunane i Vest-Telemark treng Seljord DPS

Lesarinnlegg

Publisert Sist oppdatert

Som fagleiarar psykisk helse og rus teneste i kommunar som soknar til DPS-Seljord ynskjer me å kome med ei ytring i nedleggingssaka.

Kva treng pasientar som blir innlagt i Seljord?

– Dei har behov for fagleg gode medisinske vurderingar, og behandling

– Dei har behov for omsorg, skjerming, aktivitet og støtte

Dette vert gitt frå eit tverrfagleg team beståande av psykiater og andre godt kvalifisera fagfolk som er gode på å møte menneskjer der dei er i livet.

Seljord DPS ligg i landlege omgivelsar, der ein kan nytte det ytre miljøet som ein ressurs i behandlinga. Menneskjer frå heile Telemark har ytra ynskje om å kome til Seljord,- nettopp fordi dei sei det er ein god stad å vere, når livet elles er vanskeleg

For kommunar som samhandlar med DPS har vegen mellom 1 og 2 linjetenesta vore kort. Dette har gitt god samhandling mellom kommune og sjukehus. Tidlegare,- då DPS hadde meir ressursar var dei flittig ute i kommunane for å møte pasientar i sitt nærmiljø. Framleis, også med mindre ressursar får ein til god dialog mellom kommune og sjukehus. Ein dialog der pasient og pårørande står i sentrum. Med gjensidig rettleiing og utveksling av kompetanse mellom spesialist og kommune.

Seljord DPS har brukarstyrt seng,- dvs. nokon av dei som treng det mest har avtale om at dei kan kontakte avdelinga direkte og evnt bli lagt inn inntil 5 døgn, til livet igjen kjennast litt tryggare. Vissheten om denne ordninga gjer at dei mogleg unngjeng innlegging. Dette har gjort tilværelsen betre for mange menneskjer og deira pårørande. Kva vil skje med dei brukarstyrte sengene nå?

Så litt om prosessen. Sjukehusleiinga har sin agenda, både økonomisk og fagleg. Me opplever at kommunane og oss som sit med erfaringar knyta til DPS er lite med i prosessen. Våre erfaringar med ein godt fungerande DPS, og den betyding dette har for pasientar i Vest- Telemark vert ikkje lytta til. Me opplever at ein nyttar argumentet om at ein ikkje får tak i psykiater, sjølv om det vert kjend at det har vore kvalifiserte søkarar.

Me har eit sterkt ynskje om at DPS vert oppretthalden som eit godt behandlingstilbod til dei som treng dette mest, og som ein god samhandlingspartner for oss som jobbar i kommunane.

Fagleiarar i psykisk helse og rus-teneste i Vest-Telemark

Elin Aabø, Kviteseid kommune, Gustav Levang Iversen, Fyresdal kommune, Anne Karin Grimstveit, Nissedal kommune, Elin Reinertsen Erikstein, Tokke kommune

Powered by Labrador CMS