Kjære vinbyggje - 2

Det er litt over ei veke sidan eg skreiv om smittesituasjonen i kommunen. På desse dagane er situasjonen endra.

I kommunen er det no påvist to personar som er smitta av Corona viruset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smittesporing som er gjennomført og viser at personane er smitta utanfor Vinje.

Aktuelle nærkontaktar med den som er smitta er no sett i karantene. Ytterlegare testing er gjort etter retningsliner.

Me er temmeleg sikre på å ha god oversikt over smitten og utbreiinga, men ein kan ikkje vere heilt sikker før det har gått ei til to veker.

Pasientane som har fått påvisa smitte, er unge vaksne. Dei ligg begge på sjukehus.

Situasjonen forsterkar kor viktig det er at ALLE tek ansvar og held seg til nasjonale og lokale føringar.

Føremålet er å hindre spreiing av smitte i kommunen vår.

Dei som blir sjuke av Corona viruset, har risiko for å bli alvorleg sjuk. I verste fall få komplikasjonar ein dør av. Særskilt gjeld det dei eldste og svake.

Me går nå inn i påska. Denne påska kjem til å bli annleis for oss alle. Me må alle forhalde oss til den usynlege fienden som har endra dagleglivet for oss alle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det betyr at me IKKJE kan få eller kan ta i mot besøk av familie og venner som er busett utanfor Vinje.

Me må alle halde fram med å ha avstand til kvarandre, både ute og inne. Hand og hoste hygiene er svært viktig. Me må alle skjerme eldre og dei med andre sjukdommar. Ingen må unødig reise rundt.

Om ein skulle få symptom på sjukdom i luftvegane, må me pålegge oss sjølve karantene i eigen heim.

Festen må me utsetje og ta når viruset er bekjempa. Her må alle ta ansvar om ein skal lykkast med at færrast mogeleg blir sjuke og får alvorlege komplikasjonar.

Helse og omsorg tenesta er gjort klar til å kunne hjelpe dei som blir sjuke.

Som tidlegare vil eg oppmode alle som har alvorlege og kroniske sjukedommar til å nytte legekontoret som vanleg. Har du det vanskeleg og trenger nokon å snakke med, ta kontakt!

Me er her for dykken ALLE!!

Og til slutt vil eg enno ei gong takke alle for å ta ansvar og er pliktoppfyllande i ein krevjande situasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ta vare på kvarandre!

Ver tålmodig!

Og som alltid vis omtanke, forståing og kjærleik til dei rundt deg.

Marius Opsahl

Kommuneoverlege Vinje