– Kjære Regjering. Berre i vesle Seljord kommune skal vi greie å ta imot ein svært stor del av det talet!

I mai vedtok kommunestyret i Seljord støtte til å evakuere flyktningeleiren i Moria. Vi ba innstendig om at Noreg skulle stille opp i den internasjonale dugnaden.

Natt til onsdag brann Moria-leiren ned til grunnen. Hjelpearbeidarar slepp ikkje inn. Der er mange ungar som er heilt aleine. Der er mange barnefamiliar. Dette kan vi ikkje sitte stille å sjå på!

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa vil kun ta i mot 50 (!) av dei mange tusen desperate flyktningane! Og ikkje ekstra, men berre som ein del av dei vi allereie har lova å ta i mot!

Kjære Regjering. Berre i vesle Seljord kommune skal vi greie å ta imot ein svært stor del av det talet! Norske kommunar vil ta i mot fleire flyktningar, men vert hindra!

I Seljord var vi bedd om å ta i mot inntil 12 flyktningar i år. Vi vart for få dagar varsla om at dette er justert ned til 10 - og vi veit ikkje om det kjem nok flyktningar (!) til landet til at vi får dei 10 personane hit heller. Og vi kan ta i mot fleire!

Biletet under viser leiren i Moria i brann. Og ei (den gong) 4 år gammal jente, med utsyn frå Gaustatoppen. Ho har trukke vinnarloddet og er fødd i eit verdas rikaste land. Det skjær i mammahjertet å tenke på dei ungane som no sit i Moria. Og som ei norsk regjering vegrar seg for å hjelpe.

Ettertida vil gjere opp dommen over vår tid. Den vil ikkje vere spesielt vakker lesing om vi ikkje viser solidaritet og medkjensle med dei som flyktar frå krig og forfølging! Mange norske kommunar vil vise seg å ha vore «på rette sida av historia». Regjeringa er det ikkje!

«Du må ikke sitte trygt i ditt hjem

og si: Det er sørgelig, stakkars dem!

Du må ikke tåle så inderlig vel

Artikkelen held fram under annonsen.

den urett som ikke rammer deg selv!»

Beate Marie Dahl Eide,

ordførar i Seljord

I brann: – Biletet under viser leiren i Moria i brann. Og ei (den gong) 4 år gammal jente, med utsyn frå Gaustatoppen. Ho har trukke vinnarloddet og er fødd i eit verdas rikaste land. Det skjær i mammahjertet å tenke på dei ungane som no sit i Moria, skriv Seljord-ordførar Beate Marie Dahl Eide.
Les også
Ordførar Beate Marie Dahl Eide, meiner du verkeleg det du skriv?